22
Okt
09

carpe diem: frå den ene lanseringa til den andre

Litt hutrande her eg sit, ved eit trebord utanfor kafé med nett, på Sjøholt på Sunnmøre. Ventar på buss innover mot Stranda. Som ofte før.  Tog til Åndalsnes frå Oslo i dag tidleg, buss hit, og vidare. Burde få meg breiband-modem så eg kan vere på nett overalt, men litt av sjarmen er å finne connection her og der.

Usannsynleg vakkert haustvêr. Blakke bøar, stille fjordar, fjell med tynn nøsnø frå toppen og med i liene. Beitande sauer, utplaserte ulldottar. Godvêret byrja ved Otta, og også Gudbrandsdalen er ei openberring ein dag som i dag. Og Romsdalen – med kaskadar av sol over svartkvite, raggete tindar mot grøn mark og grønblå elv, Rauma, i dalbotnen!

I går kveld var det altså boklansering på Litteraturhuset i Oslo.  Med 150 menneske stua inn i den altfor lille salen. Flying start fpr Efrem – forlag med profil og ein artig stall av skribentar 🙂 I morgon drar eg ut til Haram, til Brattvåg, då gjeld det ei anna bok. Meir om det. No kjem bussen straks.

Reklame

2 Svar to “carpe diem: frå den ene lanseringa til den andre”


  1. 1 Herman
    oktober 22, 2009 ved 2:25 pm

    God tur!

    Hilsen Herman

  2. 2 Martin
    oktober 31, 2009 ved 5:15 pm

    Eg var der! Og hadde sitteplass heile tida. Det var det mange som ikkje hadde.

    Det kunne ha vore spanande å høyre deg snakke om dei samme emnene om du kom til Molde ein gong.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: