”Frå i dag vil eg velsigna” (v 19b)
Sola treff akkurat tårnet på klosterkyrkja her. Det lyser mot den grå kyrkja som endå ligg i skuggen. Den digre trekrona som ragar opp over hagen, skin også, i sterkt grønt med gule islett. Lysande haust. Gud held alt i si hand. Når året hallar, er eit nytt i ferd med å opne seg. ”Frå i dag vil eg velsigna”.
For meg personleg er denne dagen ein liten merkjedag. Nye oppgåver som skal takast fatt i. Stundom fell orda frå Gud som ei sol inn i livet vårt. Når vi treng det.
Ikkje som ein billeg garanti, men som eit ljos å fylgje. Dersom vi vågar.
0 Responses to “officium: måndag, 28. vike i det allmenne året, Haggai 2,10-22 (matutin)”