04
Okt
09

Homiletica: 27. sund. i det allmenne året, St Dominikus krk, Mark 10,2-16

Brør og systre!

Fokuset i alle tekstane denne sundagen er at menneskelivet, i alle sine former, er ei gåve frå Gud som skaparen! Livet vårt er ikkje ein kulturell eller sosial konstruksjon. Ei heller er det resultat av ei blind, biologisk utvikling. I vår tid pendlar vi ofte mellom desse to ytterpunkta, desse to alternativa: Anten er alt kultur- og miljøbestemt, noko vi kan endre og skifte, trikse og fikse med – eller så er så er alt avgjort av naturen sjølv.

Kristen tru  seier oss at mennesket har fridom til å forme sitt liv, men også at noko er gitt oss: ”Gud”, høyrde vi i den andre lesnaden , ”er alle tings opphav og mål” (Hebr 2, 9-11).

Midt i skaparverket står mennesket, skapte som mann og kvinne. Mennesket, sett til å leve i fellesskap. Adam sa om kvinna ved si side: Dette er ben av mine ben og kjøtt av mitt kjøtt, høyrde vi i den fyrste lesinga, frå boka om alle tings opphav, Genesis/ 1. Mos (2,18-24)

I sentrum av menneskelivet står ekteskapet mellom dei to: Derfor skal mannen forlate sin far og mor og holde seg til sin hustru, og de to skal være ett (ib.). Slik var det frå opphavet, slik er Guds grunnleggjande vilje for alle tider. I Jesu samtid hadde denne fellesskapen, denne menneskelege og guddommelege pakta, blitt utydeleg gjennom juridiske ordningar som skugga for Guds opprinnelege vilje og plan. Jesus grip tilbake til opphavet, han skjér gjennom jussen og seier: Det som Gud har sammenføyd, det har mennesket ikke lov å adskille (ib.). Jesus opphever ikkje Guds skaparvilje; han stadfester og innskjerpar den. Han var ikkje komen for å avlyse, men for å oppfylle, sa han.  Som den hl Thomas av Aquinas òg seier: Nåden opphever ikkje naturen, men fullendar han.

Dette viser oss to viktige sider ved den institusjonen vi alltid har kalla ekteskapet: Det er noko varig, livsvarig. Det tar sikte på å vare ”inntil døden”. Og det er ein relasjon, eit samliv, mellom ei kvinne og ein mann. Igjen: Mannen skal forlate sin far og sin mor og holde seg til sin hustru, og de to skal være ett (ib.). Herrens ord er rimeleg tydelege, får vi seie…

Både i kyrkja og i samfunnet kan det vere mange andre slags relasjonar; venskap, familiformer, kommunitetar, klosterfellesskap – alt dreiar seg ikkje om kjernefamilien. Men ekteskapet og familen som knytt til det, er likevel ein grunnleggjande fellesskap; ”det fyrste av alle fellesskap”, som det står i den katolske vigselsliturgien, i brudemessa. Der blir livet til, der blir det vidareført. For døypte og truande mennesket er ekteskapet også eit sakrament, eit stort mysterium (Efes 5) som apostelen Paulus kallar det. I Herreni Kristus, blir Guds skaparvilje fullbyrda og fullkomengjort: Samlivet som eit teikn på Guds trufaste og livgjevande kjærleik til oss.

Dette synet på ekteskapet og på menneskelivet, som gitt av Gud, er i dag ikkje noko som er sjølsagt lenger. Det er eit perspektiv som fordrar eit medvite val!  I dag er det å gå inn i det kristne ekteskapet noko som er like spesielt og like utfordrande som det å gå inn i klosterlivet. Det er ikkje noko du kan tvingast til, det går ikkje av seg sjølv. Det er noko du må velje. Å leve i sølibat er eit teikn. Å leve som kristne ektefolk er i dag også eit teikn! Eit vitnemål.  Vi kan ikkje forvente at eit sekularisert samfunn skal forstå det eller greie det utan vidare. Det kristne livet, disippellivet, er eit fritt kall, det fordrar Guds nåde, Guds kraft, Guds velsigning.

Det kristne kallet kan koste motstand, men la oss fyrst og fremst leve det slik at vi kan seie – om vi lever i ekteskap eller ei:

Herre, jeg hjertelig ønsker å fremme din ære!/ Dertil du skapte meg, at jeg din tjener skal være.

I namnet åt Faderen og Sonen og DHA. Amen.

Reklame

0 Svar to “Homiletica: 27. sund. i det allmenne året, St Dominikus krk, Mark 10,2-16”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: