”Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det” (v 12)
Denne intense erklæringa som bryt fram frå hjartet til apostelen – kor sjeldan er det ikkje vi høyrer det i våre dagar! Lengten og driven etter det fullkomne, etter det heilage. Vi tenkjer at mennesket må trykkjast med for at nåden skal bli større.
Men nettopp Guds nåde gjev mennesket von og framdrift. Jantelov, mismod, skepsis, kynisme – kreftene som vil kvele lengten etter Gud i oss, er sterke. Den som vil overvinne dei, må ta sats. Kaste seg framover. La det stå til! Jage! Tøye seg etter det som er framanfor (v 13).
Stagnasjonen er døden.
0 Responses to “officium: torsdag, 26. vike i det allmenne året, Fil 3,1-16 (matutin)”