29
Sep
09

officium: Festen for St Mikael, St Gabriel, St Rafael (Mikkelsmesse), Joh Op 12,1-17 (matutin)

”Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken” (v 7)

Mi-ka-el? Kven er som Gud? Det er tydinga av namnet åt erkengelen. Englane speglar Guds vesen og herlegdom. Dei er reine ånder, som han. Dei er bindelekkar mellom himmel og jord, mellom Gud og all skapningen. Dei tilbed (kjerubar og serafar), dei tek del i Guds verdsstyre (troner, makter herredøme, erkeenglar), dei blir sende ut for å tene oss og verne oss (englar, vernenglar); dei er ”ånder som tener Gud” (Hebr 1,14), ja,  alle Guds born har ein engel som alltid ser Faderens åsyn (Matt 18,10).

Gud har skapt, ikkje berre den synlege verda, men òg den usynlege, Han er creator omnia visibilia et invsibilia , «skaparen av alle synlege og usynlege ting» (den nikenske trusvedkjenninga). Dei falne englane, demonane, er alltid på banen (Efes 6,1ff).

Ser vi livet vårt i dette perspektivet?  Samfunnet, kyrkja, kvart menneske, kvar truande – vi er under angrep frå dei vonde åndsmaktene, men vi kan påkalle Guds sterke englar og stå støtt.

For: Mi-ka-el? Kven er som Gud?

Reklame

0 Svar to “officium: Festen for St Mikael, St Gabriel, St Rafael (Mikkelsmesse), Joh Op 12,1-17 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: