”For meg er livet Kristus og døden ei vinning” (v 21)
Kven andre enn ein apostel kan ta så sterkt i? Etter møtet ved Damaskus var skiljet mellom død og liv, mellom tida og æva på ein måte borte for Paulus. Kristus fyller romet. Alt er i han, han er i alt.
Døden synest å stengje oss ute frå røyndomen. Men enn om døden er ein del av ein større røyndom? Kan kjærleiken døy? Kan alt det vi reknar for absolutt, det som gjer det menneskelege livet så høgt verde – kan det berre bli borte?
Kristus, Gud og menneske, er brua mellom det vi ser og det vi anar: Den usynlege verda.
0 Responses to “officium: Måndag, 26. vike i det allmenne året, Filipparane 1,12-26 (matutin)”