28
Sep
09

nota bene: 50!

50 personar! I den store domkyrkja i Roskilde, i Danmark, på ei vanleg sundagsgudsteneste! Så i fylgje intervju med ein prest der, i Vårt Land i dag. Sjølv var eg i Fredrikstad domkyrkje her i vår, på ei ordinær høgmesse. Der var det 60 tilstades – og det er nesten det dobbelte av vanleg, sa dei.  I mange landsens kyrkjer er det nok også skrint.

I Roskildedomen er det plass til eit par tusen og sikkert oppunder det i Fredrikstad også.

Det seier seg sjølv at eit slikt kyrkjesystem berre kan oppretthaldast med statlege midlar, som eit kunstprodukt. Men verre er det at det hindrar realisme i vurderinga av kva som er situasjonen for dei nordiske folkekyrkjene. Og dermed hindrast også kontsruktive grep for å møte situasjonen før det er for seint. Konsertar og kulturarrangement og full kyrkje på julekvelden er ingen redningsplanke. Ei kyrkje som ikkje er boren oppe av ei livskraftig evkaristisk forsamling (nattverdfeirande kyrkjelyd), er dødsens uansett kva som elles skjer.

Her er det berre éin veg å gå: Regruppér kyrkjelydane/soknene med eit rimeleg stort tal praktiserande kristne i kvar eining. I England blir dette gjort i katolsk samanheng, der folkeflytting har lagt ein del lokale kyrkjelydar aude. I staden for nokre få personar i svære, kostbare bygg, leiger eller overtek ein nedlagde anglikanske kyrkjer, eller brukar (midlertidig) eit anna lokale; ein idrettshall e. l. Så feirar ein messe med mange hundre som samlast frå eit større område, med fleire prestar, med god forkynning, med vekt på forbøn og fellesskap. Utfrå dette kan anna arbeid og mindre fellesskapar vekse fram.

Dette bør vere vegen å gå for ”folkekyrkjer” i same situasjon, tillempa etter lokale tilhøve.

Kyrkja er ikkje eit landsdekkande religiøst serviceorgan, men ein fellesskap av fellesskapar. See?

Reklame

13 Svar to “nota bene: 50!”


  1. 1 Rolf Egil Pedersen
    september 28, 2009 ved 5:51 pm

    Ein burde sjå på grensane og kyrkjelydane som er endra av grunnar som folkeflytting og anna, men eg trur det er mykje sentimentalitet ute og går. I Oslo er det ei utgreiing for å sjå om ein burde slå saman nokre kyrkjelydar i Groruddalen. I same høve burde ein og sjå på kyrkjelydane i bydel Gamle Oslo. Fleire stader i landet er det og kommunegrenser som verkar som eit kunstig skilje, men det er vel ikkje noko som er så heilag i Norge som ei kommunegrense!

  2. september 29, 2009 ved 8:07 am

    Ja, både i byane og på bygdene er det naudsynt med omleggjingar og samordning. Utan statsstønaden vil det tvinge seg fram. Men dette er ikkje fyrst og fremst eit rasjonaliseringssprøsmål. Det er og eit spørsmål om å byggje kyrkjelydar som fungerande fellesskapar. Det kan vere tøft å innskrenke, men det er også eit høve til ny giv, på ein ny måte. Med ein ny styrke.

  3. 3 Anna Jorunn Garvik
    september 29, 2009 ved 8:53 am

    Dette er rette ord i rett tid!!

  4. 4 ephrussi
    september 29, 2009 ved 8:55 am

    Her må jeg som statskirkemedlem si:Nix. Klart at større forsamlinger kan ha fordeler både økonomisk og sosialt, men dette må veies opp mot andre praktiske og følelsesmessige hensyn. Man kan ikke se bort fra den sterke posisjonen som særlig de gamle kirkene har i lokalsamfunnet og den kulturhistoriske verdien mange av disse har.
    Ikke alt kan opprettholdes som nå selvfølgelig, men her må man gå varsomt og ikke overilt fram. De spesielle kostnadene ved å vare på gamle kirkebygninger bør stat/kommune også i framtida ha et visst ansvar for.

  5. september 29, 2009 ved 10:30 am

    Her må eg, på vegne av skattebetalarane, seie nix i retur. Det er heilt urimeleg at den norske staten skal oppretthalde eit priviligert kyrkjevesen overalt uansett korleis oppslutninga er. Og det gjeld ikkje berre gamle kyrkjer, det gjeld også nye og halvnye, som i Groruddalen. Men fyrst og fremt meiner eg det er uklokt DNK å ikkje forstå at kyrkja lever av fungerande forsamlingar. Så her dreiar det seg både om realitetsorientering og om eit bedre teologisk og praktisk grep. Folkekyrkjene er – både i protestantisk og katolsk setting – ein museumsgjenstand.

  6. september 29, 2009 ved 10:37 am

    Verneverdige kyrkjebygg er det greitt å ta vare på med offentlege midlar; eg snakkar om den regulære, kyrkjelege verksemda og lokaliseringa av kyrkjelydane. Å oppretthalde ei miniforsammling av omsyn til kyrkjebygget, er heilt kamikase.

  7. 7 Eirik Johannes
    september 29, 2009 ved 2:06 pm

    Aftenposten hadde en artikkel om det samme tema i morgenutgaven i dag..
    Helt klart at DNK må reorganiseres for å opprettholde levedyktige menigheter.
    Ivaretakelse av verneverdige bygninger kan og bør overlates til andre instanser, dersom de allikevel ikke kan brukes av kirken. Dette er såvidt jeg vet tilfellet med noen av stavkirkene våre..?

    Hovedproblemet til DNK er slik jeg ser det, at den er redusert/ har redusert seg selv til et offentlig seremonirom, uten annet innhold enn kunsten på veggene. Alt er greit, så lenge man ikke snakker for mye om religion eller stiller noen krav til medlemmene.
    Samtidig forsvinner budskapet, ideologien og menneskesynet i diverse medieutspill fra enkeltpersoner. DNK svarer på utfordringene med nok en «liturgi- reform», for å gjøre alt «enklere å forstå» og «ikke så høytidelig og fremmed».
    Jeg forstår desverre at medlemmene ikke finner noe å samle seg om utover seremoniene…

  8. september 29, 2009 ved 2:10 pm

    Presist mitt syn! Alle må jo sjå dette snart.

  9. 9 ephrussi
    september 29, 2009 ved 8:02 pm

    Jeg tror det blir veldig vanskelig å få til en sammenslåing av menigheter i DNK i den størrelsesorden du antyder. For det første er Norge mye mer spredtbygd enn England, så reiseavstander vil være et større problem.

    For det andre er en stor del av kirkebyggene til DNK enten verneverdige eller av den type romantiske sytten/attenhundretallskirker som lokalbefolkninga vil gå manngard for å bevare. At mange at kirkene ligger omkranset av kirkegårder vil bidra til motvilje mot å fjerne dem. Tviler på det er politisk vilje med det første å stramme kirkebevilgningene så mye at særlig mange av disse kirkene vil bli fjernet. Samtidig fungerer arbeidskirkene ofte bedre enn de gamle utenom høytidene fordi de gir mer rom for sosiale aktiviteter. Derfor kan man ikke så godt ha en plan hvor man vil bevarer alle de gamle kirkene og fjerne alle de nye heller.

    En tredje ting er at protestanter er mye mindre kirkelojale enn katolikker. Når det er så få tilstede på søndagsgudstjenene i statskirka henger det flere steder også sammen med at kanskje halvparten av aktive kristne er på gudstjenester i frikirker eller misjonsmenigheter. Mister man sin lokale kirke tror jeg mange av de aktive istedenfor å flytte med til ei statskirka lenger borte vil vende seg til en frikirke eller misjonsmenighet i nærheten og evt. starte/bygge ei ny der sånne mangler (muligens ta over et kirkebygg eller menighetshus som statskirka oppgir). Så kan det jo være at man får et tilsig av frikirkelige som bor i nærheten av de kirkebyggene man samler seg om. Man får da et mer amerikansk opplegg med kirkeshopping, inn- og utmeldinger av kirker etter hvor man flytter og hva som passer.

    De mindre aktive medlemmene vil vel i stor grad melde seg ut og bli kirkeløse hvis de mister «julekirka» si.Med det mister man også medlemsinntekter,samtidig som faren for lekkasje av aktive medlemmer til frikirker gjør at man kanskje ikke får det oppsving av menighetslivet du ser for deg. Det kan fort bli en vond spiral. I mindre dramatisk omfang vil sammenslåing sikkert måtte skje: At man tar ut noen gamle kirker i de minst befolkede grendene og endel av de minst betydningsfulle kirkene i byområder.

  10. september 29, 2009 ved 8:30 pm

    Det går i Noreg også – viss ein er nødt og viss der er folk som det å tru og tilhøyre kyrkja verkeleg er viktig for. Heretter blir kristen tru for dei som verkeleg v i l. Eg ser ingen grunn til, paternalistisk, å tvihalde på alle dei andre. Folk må ansavarleggjerast, også religiøst/åndeleg. Det er ein ufatteleg framand tanke i folkekyrkja.

    Dersom folk ikkje vil dra til ei kyrkje litt lenger borte – vel så er det berre å la realitetane tale; ut av illusjonane! På plassar med få truande kan ein ha mindre samlingar og husfellesskapar. Vil folk ikkje det heller, får ein berre konstatere det.

    Mykje av miseren ligg i at ein har utydeleggjort kva det vil seie å vere ein praktiserande kristen: at det er eit liv i kyrkja, og kyrkja si sentrale «form» har alltid vore fellesskapen kring forkynning og nattverdfeiringa på Herrens dag. Der dette er blitt borte, har vi ikkje lenger med historisk kristendom å gjere, og kyrkja vil dessutan også av reint sosilogiske grunnar renne ut i sanden. Rein individualisme og ein del aktivitetar kan ikkje oppretthalde ei (kristen) kyrkje i lengda.

    Som sagt: kom til sans og samling. Ta konstruktive grep. I tide.

  11. 11 Herman
    september 30, 2009 ved 4:31 pm

    Den hellige Vilhelm av Roskilde er en sentrumsskikkelse i nordisk så vel som dansk sammenheng. En fredsstifter i en urolig tid. I Norden.

    Han er en dansk helgen, men har betydd minst like mye for Sverige, også i sin tid.

    Bare for å ta oppmerksomheten litt bort fra kirkebekymringer, så har vi her noe fra den katolske arven å glede oss over. Mer finnes på katolsk.no!

    Hilsen Herman

  12. september 30, 2009 ved 8:09 pm

    Er enig i mange av punktene til ephrussi. Der jeg kommer fra er det 5 kirker fordelt på 8000 innbyggere og med 5-15 minutter kjøring imellom kirkene. Riksantikvaren har formening om antall benker og farger i 4 av de 5 kirkene. Ingen ligger i det som nå er sentrum av kommunen.

    De som går i kirka faller grovt sett i to kategorier: organisasjonsfolk og bygdefolk. De første er urolige for utviklinga i kirka og støtter opp om eget arbeid sammen med arbeidet i kirka, de andre er knytta til den lokale kirkebygninger hvor slekta har gått foran.

    Da er det ikke så lett å forandre strukturen og tjene på det.

  13. oktober 3, 2009 ved 8:55 am

    Strukturane må endre seg, om ikkje før, så når den statlege/offentlege drifta av kyrkja blir borte ved oppløysinga av statskyrkja. Strukturane bør endrast, uansett – også fordi å byggje kyrkjelydar som fellesskap kring feiringa av Ordet og Nattverden og dei andre sakramenta ikkje kan fungere utan ei viss samanslåing og samordning av alt for små flokkar i alt for store gudshus. Dei nesten-tomme kyrkjene er effektive gudstenestedreparar.

    For dei som berre er knytte til lokale kyrkjebygningar og kyrkjegardar, er tida komen til å velje om dei verkeleg vil vere praktiserande kristne eller ei. Slike «siste restar» av kristen og kyrkjeleg tilhøyring må anten aktiviserast og vidareførast – eller avviklast. Før eller seinare avviklar de seg sjølve dersom dei ikkje blir aktiverte. Inga kyrkje kan overleve som «gravkapell» eller som eit gamalt innslag i kulturlandskapet.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: