24
Sep
09

officium: torsdag, 25. vike i det allmenne året, esek 37,15-28 (matutin)

”Og alle skal dei ha éin og same hyrdingen

Det kløyvde gudsfolket skal samlast, seier Esekiel; Israel og Juda føyast saman igjen. Under éin konge skal dei leve, under Messias- kongen som det den éine hyrdingen for den eine flokken.

Einskap og sanning høyer saman i den bibelske openberriga og i Guds frelsesplan. Det avspeglar Guds einskap, einskapen i skaparverket, einskapen i menneskætta og einskapen i kyrkja.
Nokon søkjer sanning og bryr seg ikkje om einskapen. Andre vil einskap, men tek ikkje sanninga så nøye.

Sanninga er ikkje berre dogmatisk, læremessig. Ho har òg ein etisk og personleg dimensjon.


6 Responses to “officium: torsdag, 25. vike i det allmenne året, esek 37,15-28 (matutin)”


  1. 1 Helga
    september 24, 2009 ved 9:31 pm

    Hyrdingar har og gjetarhundar, samlarar. Det er sagt at Han har bandhundar òg, Han let dei gå berre så langt bandet rekk! Nokre gonger kan det for vårt vet synest som om bandet er vel langt!

    Hyrdingen er òg gartnar/husbonde! Mt 13: 24-30 Svimlingen i kveiten,lat dei veksa saman til hausten.. Sterke ord som skaper mange tankar hos meg. Vi er i verda!
    Godt å vite at Gud har ein frelsesplan.

    Til lukke med 25. !

    Ellers hadde eg håpa på og få visdomsorda dine svart på kvitt igjen!!

  2. 2 Rob
    september 26, 2009 ved 10:12 am

    Litt på siden: Om 20 år regner anerkjent forsker med at mennesket kan leve evig ved hjelp av nanoteknologi. Link: http://www.abcnyheter.no/node/96414 Kommentarer til dette?

  3. september 26, 2009 ved 8:36 pm

    Helga: Orda blir noko kvite endå ei stund…Og takk for helsing til den 25!

    Rob: Mennesket prøver å kopiere Gud; dersom dei/vi får nano-suksess, blir det mange ting som fylgjer med på lasset. «Æveleg liv» er ikkje berre eit spørsmål om å forlenge dette livet; det er liv med ein annan kvalitet. Heilt frå antikken har dei vise visst at det er noko som heiter hybris.

    • 4 Rob
      september 26, 2009 ved 9:03 pm

      Den nye gen- og nanoteknologien vil stille menneskeheten overfor uante etiske utfordringer. Her har Kirken en enorm oppgave i årene som kommer..

  4. september 26, 2009 ved 9:32 pm

    Det er sant. Den katolske kyrkja har ein tydeleg tradisjon i desse spørsmåla, framstilt gjennom ulike rundskriv og bodskap. Nye problemstillingar kjem alltid til, men det er avgjerande å¨ha referansar, ei line å fylgje. Noko som gjev konsistens. Sjølve menneskesynet er grunnleggjande. Det er det store vakuumet vårt samfunn. Dersom ein ikkje kan svare på sprøsmålet: «Kva er eit mennneske?», kan teknologi og vitskap bli demonisk.

    • 6 Rob
      september 26, 2009 ved 10:00 pm

      Dersom ein ikkje kan svare på sprøsmålet: ‘Kva er eit mennneske?’, kan teknologi og vitskap bli demonisk. Det er så sant det du sier, pater Arnfinn!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: