19
Sep
09

officium: laurdag, 24. vike i det allmenne året, esek 18 (matutin)

”Eg vil at han skal venda om frå si ferd og leva” (v 23).

Det einskilde mennesket ber ansvar for sitt eige liv og si frelse. Dette er Esekiels radikale bodskap inn i ein tenkjemåte der alt syntes å vere avgjort av familie og slektsskapsband, jamvel i spørsmålet om skuld og straff.

Mennesket er ikkje uavhengig av fellesskap og historie, men det går heller ikkje opp i det kollektive og det nedervde.Vi er ikkje tannhjul i det store maskineriet. Vi står for vårt eige liv. Vi kan bryte dei vonde sirklane. Vi kan starte på nytt. Vi kan vende om.

Gud let ikkje lagnaden rulle blindt fram over hovudet vårt. Han let det ikkje berre skure, som om alt var avgjort. Vona er ikkje ute. Kvart menneskeliv er eit uavslutta drama. Gud vil at vi skal leve – og gjev oss ansvar og fridom til å velje livet.

Reklame

2 Svar to “officium: laurdag, 24. vike i det allmenne året, esek 18 (matutin)”


  1. september 19, 2009 ved 4:24 pm

    Samstundes er det vel ein del av kyrkja si lære at ein går fortapt enkeltvis, men me vert frelst som fellesskap.

  2. september 19, 2009 ved 6:52 pm

    Det individuelle og det kollketive er der både i frelse og fortaping. Kvart menneske må ta mot og svare på kallet, som i katekumen- og dåpsliturgien. Og kvart menneske må svare for Guds domstol og ta sin dom. Samstundes: Vi tilhøyrer den gamle Adams fellesskap som menneske, både som skapte og som falne; vi tilhøyrer Kristi kyrkje, communio sanctorum, som døypte og truande menneske.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: