16
Sep
09

officium: onsdag, 24. vike i det allmenne året, Esek 10, 18-22; 11, 14-25 (matutin)

”Under vengene var det noko som likna menneskehender” (10, 21)

Esekiel er ein profet som ser syner. Ikkje berre inn i historia, men hinsides den jordiske horisonten. I hans epoke av Israels historie rykkjer det evige og himmelske nærare inn i medvitet. Bak dei store hendingane står det ein ufatteleg og underfull Gud. Jorda spegalar seg i himlen, historia står på spranget inn i endetida.

Difor fær Esekiel sjå dei fire livsvesena, dei fire kjerubane. Med sin fantastiske skapnad er dei eit teikn på at Gud er den som er totalt annleis. Blendande ljos og stummande mørkre.

Men under den guddomlege vengen skimtar han ei hand. Det er noko menneskeleg ved Gud, på ein måte vi ikkje skjønar. Han har ei hand.

Den kan vi gripe.

Reklame

9 Svar to “officium: onsdag, 24. vike i det allmenne året, Esek 10, 18-22; 11, 14-25 (matutin)”


  1. september 16, 2009 ved 9:36 am

    Jo, men en hand kan også slå. Hva sier vi til dem som opplever at Guds hånd slår?

  2. september 19, 2009 ved 8:02 am

    I Bibelen er handa eit symbol på Guds oppretthaldande verdsstyre, på hans forsyn og hans nærleik.

    At Gud kan straffe og refse, høyrer med i det bibelske Guds-biletet. Rettferd er uoppgjeveleg, slik det også er på det menneskelege planet. Men Gud er ikkje ein lunefull autoritet. Eit slikt Guds-bilete kan stamme frå våre eigne vrangførestellingar, frå overføringar frå vonde mennekslege relasjonar – og vi kan utvikle det sjølve dersom det finst verkleleg urett og uoppgjorde ting i livet vårt.

  3. 3 wo
    september 21, 2009 ved 10:45 pm

    Inspirert av misjonæren Ingeborg Skjervheim har eg trong for å spørja: Kvifor er folk så forsiktige med å seia at Gud styrer i liva våre? Er det få som kjenner slik styring, eller byr det på for mange problem å snakka om det?
    Å gripa Guds hand er enklare enn å sjå og tru på Guds konkrete gjerningar.

  4. 4 Herman
    september 22, 2009 ved 4:06 am

    Guds styring med hver enkelts liv er i dag gått gjennom vaskemaskinen som begrep, og heter fatalisme, naivisme og en hel del annet. At en annen enn oss selv og omkringliggende omgivelser, kalt tilfeldigheter, styrer våre liv, blir avvist inntil vi vinner i Lotto…

    Hilsen Herman

  5. september 26, 2009 ved 9:42 pm

    Wo: Eg rur at folk er blitt altfor altruistiske; korleis kan Gud bry seg spesielt om meg når det er så mange som har det vanskeleg? Som om Gud var ein slags norsk sosialarbeidar med eit reglement og ein bunke med søknader… Å tru er også å vilje sitt eige liv.

  6. 6 wo
    september 26, 2009 ved 11:02 pm

    Fr Arnfinn: Eg blir eigentleg ikkje så mykje klokare av det svaret. Eg har heller ikkje merka at du så ofte snakkar om korleis Gud styrer i ditt liv, konkret, praktisk. Men kanskje det berre har gått meg hus forbi?

  7. september 27, 2009 ved 7:43 am

    Litt tydlegare:

    At Gud styrer livet vårt, er ein annan måte å uttrykkje det ein tidlegare har kalla tru på Guds forsyn, jfr salmar som «Syrg, min kjære Fader du»; «Velt all din veg og vande» osv. Dette er ein fundamentel del av kristen tru. Men å peike på korleis det skjer i det personlege livet, er noko subjektivt, noko vi ikkje kan abslouttere, det forblir trua sitt syn på eige liv. Men ikkje mindre verkeleg for det. Ikkje alt i livet vårt kan setjast på soleklåre formlar. For eg meg er det viktig å vite: Gud held livet mitt i si hand, at eg kan leggje alt fram for han i mine bøner, at eg kan sjå hans spor og hans svar. Det kan vere fint å fortelje om det til andre, men, særleg i skriftleg form, skal ein vere varsam med å forkynne sine eigne røynsler som ævelege sanningar.

    Mange har poroblem med å be konkret for saker i sitt eige liv – og å sjå etter Guds inngrep i sitt eige liv. Fordi ein er så altruistisk oppdregen i vår kultur. Alt skal vere likt for alle. Det er rett, men blir for einsidig. Vi menneske er konkrete, levande vesen, med sorger, gleder, behov og lengsler; vi er ikkje berre idealistiske robotar. Det interessante er at denne kulturelle moralismen i vårt samfunn er kombinert med sterk sjølvrealisering, eigenutvikling, egosentrisme og individualisme. Begge deler er ein reaksjon på den livskjensla kyrkja og kristendomen fremja. Ein har sett på kristendomen som anten for snever og sjølvoppteken eller for lite fokusert på menneskelege drifter og ynskje; «livsfiendtleg», som ei seier.

    Eg trur at utan Gud pendlar vi mellom einsidig moralisme og einsidig hedonisme. Mennesket treng både askes og forsaking – og kjærleik og livsfylde for sin eigen del. Vi treng å elske og å bli elska.

    For å tru på Guds styring i det daglege og personlege livet, treng vi å bryte med det dårlege samvitet for at vi også har lov til å tenkje på oss sjølve.

  8. 8 wo
    september 27, 2009 ved 9:16 pm

    Den daglege trua som ligg i botn for all tru, sentrerer rundt nett desse spørsmåla. Derfor må me snakka om dette. Meir enn me gjer, tykkjer eg. Takk!

  9. september 28, 2009 ved 7:40 am

    Trua på Guds styring av det daglege livet avhenger i høg grad av at trua vert praktisert regelmessig: Sundagar og høgtider med gudsteneste, helg og kyrkjegang, morgon- og kveldsbøn, bordbøn, kristne bilete i heimen osv. Der dette blir borte, blir Gud fortrengd frå kvardagen.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: