15
Sep
09

officium: tysdag, 24. vike i det allmemnne året, Esekiel 8-9 (matutin)

”For dei seier: ’Herren har fare frå landet’ ” (9,9)

Esekiel er ikkje berre profet, men prest. Han ser samanhengen mellom det åndelege og kultiske fråfallet og uretten.  Israel, jamvel presteskapet, vender seg frå Herren og dyrkar avgudane midt i Guds hus.  Tida for den gamle trua synest å vere ute, Israels Gud har gått sin veg. Kundane sviktar. Kvifor bry seg?

Fråfall botnar ofte i eit forståeleg vonbrot på Guds vegner. Han lever ikkje opp til det han lovar, synest det som. Han har ”fare frå landet”. Utan manifestasjonar og prov orkar vi ikkje å halde fram med å dyrke han. Prisen er for høg, utbyttet for lågt.

Denne frustrasjonen over Gud skal vi ta på alvor. Gud er ein som ikkje automatisk stiller opp. Fyrst når vi vågar å innsjå dette, kan vi lære han å kjenne. På ein måte som held.


0 Responses to “officium: tysdag, 24. vike i det allmemnne året, Esekiel 8-9 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: