15
Sep
09

carpe diem/nota bene: Valet – idealist-Noreg for nedtelling

Det blei seint før eg la meg i natt. Sjølve valkampen har eg ikkje sett på TV, men valinnspurten fekk eg med. Med sigrane og nederlaga.

Min kortvesjon er at dei idealistiske partia, frå SV til KrF via Venstre, er skvisa ut. Malte mellom dei store blå-raude kvernsteinane, partia som sikrar den norske levemåten.  Spørsmål som utfordrar denne, det vere seg når det gjeld miljø eller når det gjeld menneskeverd eller dei internasjonale perspektiva, kjem ikkje opp til den politiske overflata.

Vi treng politiske miljø som bryt ut av den stortingspolitiske ringdansen og tydleggjer alternative måtar å tenkje på. Noko som apellerer til ei etisk-politisk fornying mellom ”folk flest”. Sjølv skulle eg ynskje at vi fekk ein dialog med den radikale vestresida om deira tilhøve til viktige verdiar for mange truande, som menneskeverd og familietetikk. Vidare skulle eg ynskje at eit lite parti med godt program, som Dei grøne, kunne kome meir på banen. Og at KrF fornyar seg og radikaliserer seg, både i form og innhald, både sosialetisk og verdikonservativt. Meir om dette. No må eg gå i kyrkja.

Reklame

3 Svar to “carpe diem/nota bene: Valet – idealist-Noreg for nedtelling”


  1. 1 Eirik Johannes
    september 16, 2009 ved 6:56 am

    Jeg deler absolutt synspunktene dine rundt mangelen på idealisme og konkrete saker i politikken om dagen. Derimot tror jeg resultatet av dette valget i stor grad skyldes frykten for å få en regjering dominert av et svært radikalt FRP.
    Dette gav både Høyre og AP et stort tilsig, på bekostning av alle de andre små, siden
    disse to av mange ble oppfattet som de eneste garantistene for stabilitet og reelle solide regjeringsalternativ i dagens situasjon. Klarer både politikere og medier i fremtiden å fokusere på saker og ideologi, kan dette endre seg til neste valg, men jeg tviler.

  2. 2 Ståle
    september 16, 2009 ved 10:27 pm

    Jeg ser for meg at KrF står foran et valg: Velg side eller dø ut. Sentrumsalternativet er stein dødt. Jeg lurer egentlig på om det er noe vits i å ha et KrF lenger: De verdikonservative sakene må de uansett glemme i regjeringsposisjon, stor offentlig sektor kan vi få fra Ap og omsorg for organisasjonene og småbedriftene kan vi få fra Høyre. Hva er vitsen?

  3. september 19, 2009 ved 7:53 am

    Vi treng eit alternativ til dei store blokkene; det gjeld også dei små partia som er med i den raudgrøne regjeringa. Både som politiske parti og som politiske miljø, trengs dei. Regjeringsmakt er ikkje alt. Parlamentarisme handlar også om prosessen, samtalen (paralare).

    I eit politisk midtfelt kan det utviklast nye samanhengar: Økologi, menneskeverd, internasjpnal rettferd og fred, respekt for trus- og livssynssamfunn – ikkje sett som motsetnader, men som saker som høyrer saman. Dei kan sikkert kombinerast på ulike måtar, med ulik vekt på dei einskilde områda, men dei kan gjere felles front mot overmakt, og dei kan lære nokoi av kvarandre.

    Byggjing av miljø og haldningar er det politisk viktige no, i og utanfor partipolitikken og parlamentet.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: