13
Sep
09

homiletica: 24. sund. i det allmenne året, St Dominikus krk Mark 8, 27-35

Brør og systre!

Du tenker som et menneske, uten sans for Guds veier! seier Jesus til Peter. Fordi Peter ville prøve å hindre Jesus i å halde fram på vegen til Jerusalem, vegen til Golgata, Via Dolorosa. Ja, det står endå til at Peter tok Jesus til side og begynte å tale han til rette.

Velmeint og menneskeleg, ja, nettopp menneskeleg, dennesidig, utan sans for ”Guds veier”. Difor skjer Jesus gjennom og seier: Bort fra meg, Satan!

Også i vår tid har vi mist mykje av sansen for Guds vegar. For mange er der ingen Gud, ingen himmel, ikkje noko evig liv, ikkje noko evig alvor, inga evig von. Målestokken for alle ting er reint dennesidig, reint menneskeleg.

Men Jesu bodskap er at dersom mennesket vil vinne sitt liv utan Gud, så misser det livet. Dersom det vil redde seg som menneske ved å fly unna Guds kall og Guds veg, så misser det seg sjølv som menneske, så misser det si sjel, sin identitet. Igjen fordi det er sant som den hl Augustin seier: Gud, du har skapt oss til deg, og vårt hjarta er uroleg til det finn kvile hjå deg.

Vi dyrkar det lausrivne, det fullstendig fristilte mennesket, det suverene individet. Fristilt frå Gud, og eigentleg fristilt frå medmenneske og heile sitt livsmiljø. Samfunnet er der fyrst og fremst for å sikre mine individuelle rettar. Utover det, vil vi nødig forplikte oss.

Kristus kallar menneske til felleskap. For det er vi skapte til. Også fellesskap med Gud. You’ve got to serve somebody, du må tene nokon, syng Bob Dylan. Bli klar over kven du vil tene, gjer eit medvite val! Guds veg er disippelskapets veg. Kristus kallar til konkret etterfylgjing, sequella Christi, imitatio Christi. Å fylgje etter Kristus innnebar frå fyrste stund å delta i hans fellesskap, i flokken av disiplar. Eit kristent liv er stadig eit liv i disippelfellesskapen, i Guds famile, i det heilage samfunnet, communio sanctorum, i den lokale og universelle kyrkja.  Det er eit liv i eit lokalt sokn, i ein kommunitet eller eit kloster, i eit kristent ekteskap og famlieliv. Det er eit liv der du deler felles tru, felles normer for menneskeleg livsførsel, felles lytting til Guds ord, felles bøn og felles brød – både det evkaristiske brødet og våre materielle resursar.

Men for å leve i dette, må du forplikte deg. Difor må du ta stilling og spørje: -Vil eg dette? Går eg for dette? Tar eg sjansen? Då må eg kanskje oppgje noko, då må eg ta sats. Då kan eg ikkje ha alle dører opne i alle retningar til ei kvar tid.

Kvifor er kyrkja så svak i vårt samfunn?. Kanskje fordi så mange vil at alt skal vere mogeleg, heile tida? Til å skifte retning når det passar. Det er noko heilt anna enn å stå for si dåpspakt. Eller slik det heiter når nokon konverterer og blir tatt opp i den katolske kyrkja sin fulle fellesskap:

”Jeg tror og bekjenne alt det Gud har åpenbart og som den hellige katolske kirke, tror lærer og forkynner. Denne tro som jeg nå bekjenner og oppriktig tar i mot, skal jeg ved Guds nåde forsøke trofast å bekjenne og bevare gjennom hele mitt liv, så sant hjelpe meg Gud og dette hellige evangelium”

I dei katekumenale ritane spør presten katekumenen: ”NN, er du her!” Som eit ekko av Guds spørsmål i paradiset: -Adam, kvar er du? Og katekumenen svarar: Eg er her! Ad sum! Eg er her, ikkje her eller der, ikkje her i dag, og kanskje ein heilt annan plass i morgon. Eg er her. No vil eg gå denne vegen.

Det kan kome til å koste. Det kan ende på Golgata, det kan ende på Colosseum, på arenaen, kasta for løvene; det kan ende for domstolen, det kan ende i VG, det kan ende med dårlegare karriere, det kan ende med lågare løn. Men det endar hos Gud, i Gud.

Brør og systre! Før eller seinare lærer vi, som Peter, å få sans for Guds vegar. Slik også den snart kanoniserte kardinal Newman fekk lære å be:

Eg ville velja sjølv min veg, men no: Leíd du meg fram!


2 Responses to “homiletica: 24. sund. i det allmenne året, St Dominikus krk Mark 8, 27-35”


  1. 1 Herman
    september 14, 2009 ved 3:25 am

    Hallo! Ny design på bloggen! Mange gratulasjoner. Og dét på dagen for Korsets opphøyelse!

    Forrige gang du redesignet bloggen din, ba du om tilbakemeldinger om hva folk syntes om det nye designet. Jeg har to punkter her: Det ene er at jeg savner «Heim»-knappen (men den behøves kanskje ikke?), det andre er at fontene i dette feltet der jeg skriver nå (kommentarfeltet) er alt for små. Svaksynte må melde pass, det er jeg sikker på!

    Altså: fontene i «legg att eit svar»-feltet er alt for små, og Heim-knappen er ikke der, med mindre den absolutt behøves.

    Ellers er det hele nydelig og kreativt synes jeg, og spesielt festlig å kunne følge kommentaristene til høyre i hovedfeltet!

    Gratulerer nok en gang!

    Hilsen Herman

  2. september 14, 2009 ved 9:06 am

    Takk! Sjekk dagens «carpe diem»! God krossmesse-fest!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: