06
Sep
09

nota bene: Valkampinnspurt: Politiske perspektiv; einskapskultur og parallellesamfunn

Det mest interessante ved den pågåande valkampen og ved den nasjonale politikken i det heile, er å sjå kva for tendensar og haldningar som rører seg  folket.

Langs éi line ser vi spørsmåla om økonomi og resursar. Nesten alle vil ha meir vekst, nokre ynskjer ei sterkare styring og fordeling, andre meiner alt blir betre om privat initiativ og eigeninteresse er leiande.  Nokre meiner oljeutvinninga bør dempast og andre meiner at det berre er å køyre på.

Langs ei anna line ligg spørsmåla om kultur og verdigrunnlag i samfunnet.  Synet på ekteskap og familie, på abort, evtanasi og genteknologi; synet på statskyrkjeordninga, på islam og innnvandrarkulturane. Synet på norsk asylpolitikk er nært knytt opp til det siste.

Sams for dei fleste er overtydinga om at vi har ein markert norsk felleskultur som skal vernast og vidareførast. Her møtest på mange vis også dei politiske ytterpunkta. Både ytre venstre og ytre høgre blir høgtidlege i vendingane når dei talar om dette. Venstresida har nok gått inn for multikulturalisme, mest som motstand mot den kristne tradisjonen i vårt samfunn. Når folk frå andre kulturar vil manifestere andre verdiar, blir det uro også mellom raddisane. Dei høgreradikale, med FrP i spissen, apellerer mest til frykten for alt som kan truge vår velstand og vår tilvante livsform. Dei tyr også til kristne argument når det kan tene som skjold for dei nasjonale verdiane.

På høgre og venstre side synest ein i det siste å ha starta eit kappløp om kven som er mest for ei meir drastisk integrering av innvandrarar. Gettoar, parallellsamfunn og skular med få ”norske” er ein veldig redd for.  Tanken synest å vere at der er éi, norsk livsform og den må alle innlemmast i. Ur-redsla trur eg er at dei framande kulturane er meir religiøse enn den norske, og at frigjerninga frå kristendom og religion skal stanse opp. Veldig få er merksame på kor viktig frigjeringa frå religionen er i det norske storsamfunnet. Vårt samfunn er – som mange andre i Vesten – eit stort og endå skjørt eksperiment: Vi skal greie å byggje eit meiningsfullt liv og eit fungerande samfunn utan å vere forplikta på religionen; det vere seg kristendomen som den gamle fienden eller islam som den nye. Lengst inne og nede trur eg det stadig er dette som er intrigen i det kollektive dramaet som samfunnsutvikling og politikk er.

Den Norske Kyrkja, og eit stykke på veg Kristeleg Folkeparti, og Senterpartiet på sin måte, prøve å redde den kristne einskapskulturen. KrF er nettopp eit parti og kan, paradoksalt nok,  vere tydlegare, mens stats- og folkekyrkja må kompromisse meir for å halde på heilskapen. Dei kristne høgreradikalarane (Kristenfolket., Kristent Samlingsparti o a ) har ein tøffare tone, men perspektivet er det same: Noreg som eit samla, kristent land.

Eg trur det hadde vore både politisk og kyrkjeleg frigjerande om ein oppgav draumen om det nasjonale einskapssamfunnet, både den  sekulære (til dels antikristne og anti-islamske) varianten og den religiøse. I realiteteten er det alt mange kulturarar og samfunn side om side innan dei nasjonale grensene; regionale, språklege, etniske og religiøse. Og ikkje alle er sameina under éin, offisiell doktrine; spenningane er opplagte. Kristne menneske, t d katolikkar, som eg, står i ei drastisk motsetning til norsk abortlovgjeving og abortpraksis og til norsk ekteskaps- og familielovgjeving. Sjølv om denne lovgjevinga ikkje direkte påbyr handlingar mot samvitet, dreiar det seg om langt meir enn synsmåtar og teoriar. Press, dilemmaer og konfliktar kan oppstå både i privatlivet, på arbeidsplassen og i det offentlege rommet.  Det er klårt at så grunneggjande usemjer, tankegangar og praksisar er med å differensiere eit samfunn.

Det er også klårt, slik eg ser det, at dei som har sams meiningar, treng fellesskap av ulike typar og på ulike nivå. Her er kyrkjer, trus- og livssynssamfunn gode døme. Kloster og kommunitetar likeeins. Tru og overtydingar av alle slag både treng og skaper tette (sub)kulturar. Som eg ofte har framheva: Livet er eit nett av tankar, praksis, relasjonar, seder og skikkar, symbol og ritual. Dette nettet kan vere meir og mindre geografisk og lokalt. Frå kyrkjelydar og organisasjonmiljø til bydelar.

Det er panikk-politikk å prøve å einsrette dette med makt. Eit samfunn som det amerikanske – og innan det, ein by som New York – er døme på korleis også den europeiske kulturen vil utvikle seg: Mange ulike samfunn i samfunnet, med nokre fungerande spelereglar for storfellesskapen. Dei ulike ”gettoane” vil  stridast ein del, men også mingle, påverke kvarandre og tiltrekkje kvarandre. Slik blir eit samfunn til.

Det ein verkeleg må gripe aktivt inn mot – og her markerer eg front mot den økonomiske liberalismen – er tiltakande sosiale ulikskapar og klasseskilje. Ingen kulturar kan operere med sosiale privilegiar for sin eigen del, korkje internt eller i høve til andre. Det er dette området som blir mest oversett, ikkje berre på høgresida (forståeleg nok), men også på venstresida (merkeleg nok).

Kanskje er det det dreiar seg om i norsk politisk mentalitet for tida, både til høgre, til venstre og i sentrum: Ynskjet om å tvihalde på livsformer og privilegia som ikkje utan vidare er gode eller rettferdige?

Som Lars Gule treffande har sagt nyleg; at vi seier integrering, men meiner assimilering.


3 Responses to “nota bene: Valkampinnspurt: Politiske perspektiv; einskapskultur og parallellesamfunn”


  1. 1 Kjell Håkestad
    september 7, 2009 ved 8:59 am

    Detr norske samfunnet dreier seg desverre om to ting: Kroner og vekst. Jeg ønsker meg en valgparole med noe sånt som: For et varmere samfunn.
    Der enkeltmenneskenes behov ble sett.

  2. 2 Ståle
    september 7, 2009 ved 5:42 pm

    Jeg kan ikke se at det er noen partier på stortinget som vil tvinge folk inn i en sekulær livsstil og spise svinesteik med surkål.

    Men mange partier vil legge til rette for at vi skal ha et visst felles sett av helt grunnleggende byggestener: Et felles norsk språk, de liberale verdiene og menneskerettighetene vi har forpliktet oss på gjennom å være med i f. eks. Europarådet og FN, og en grunnleggende liberalitet som gjør det mulig å fungere sammen selv om man er forskjellige fra hverandre. Det syns jeg er flott!

  3. 3 Herman
    september 8, 2009 ved 4:10 am

    Jeg tror vi har lett for å glemme Gud i samfunnet. Gud, som kilde til alt godt. Reguleringer og lover og skatter er én ting, men det er Gud som er kreativitet, det er Gud som bærer samfunnet.

    Når mennesket vil styre selv, og glemmer sitt opphav, blir det lett små tendenser til uroligheter og kaos. Abort er ikke bare et spørsmål om forbud og ekskommunisering i etterkant, men handler om holdningsendring og hva vi selv, menneskelig sett, tillater av handlinger hos og omkring oss selv – i forkant. Uten en Guds-tilvirket, gjennombærende holdning, blir forbud lett bare et forstyrrende element som kan og vil bli omgått.

    Sekulariseringen er riktignok med på å fjerne den såkalte «skolemesterteologien», men vil nok til slutt bidra mer til forvirring enn orden. Vi må ikke glemme Gud og la Ham bli usynlig i vår visshet og følelse. Det er bare å håpe at Han ikke glemmer oss, Han som viser miskunn i tusen ledd mot dem som elsker Ham og holder Hans bud.

    Hilsen Herman


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: