04
Sep
09

officium: Fredag, 22. vike i det allmenne året, Jer 30,18 – 31,9 (matutin)

”Frå dei skal lovsongen stiga, og lyden av folk som skjemtar og ler” (v 19)

Lovsong og latter. Jubel og skjemt. Gleda i Gud og gleda i det menneskelege.  I Guds rike heng det i hop. Kvifor oppfattar vi så ofte lovprising og tilbeding som noko ved sidan av menneskelivet? Som noko framandt for mennesket?

Det er ikkje naudsynt å lage skjemt av liturgien. Mennesket har kapasitet for begge deler. Den store kjensla i hjarta og det underfundige glimtet i auga.

Humoren  – å sjå sjarmen i livet, den intelligensen som ligg i sjå det treffande og karakteristiske i ein situasjon. Så du skjønar meir. Tilbedinga – å la seg overvelde, å la seg bere av det gode, av Gud. Så du kjenner djupare.


2 Responses to “officium: Fredag, 22. vike i det allmenne året, Jer 30,18 – 31,9 (matutin)”


  1. 1 Geist
    september 4, 2009 ved 5:40 pm

    Om å finne lovsong og latter.

    Jeg leser ei «gammel» bok av Kjell Arild Pollestad, «Veien til Rom – Hvordan jeg ble katolikk».

    Og opplever gleda i Gud og gleda i det menneskelege.
    Tilbedinga – å la seg overvelde, å la seg bere av det gode, av Gud.

    Så eg kjenner djupare.

  2. 2 Kjell Håkestad
    september 6, 2009 ved 7:03 pm

    Det er en utrolig god bok. Leser den med ujamne mellomrom.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: