08
Aug
09

discursus: Den hl Dominikus og hans preikebrør.

Sidan det idag, 8. August , er festen for den hl Dominikus (1170-12221), grunnlegjaren av dominikanarordenen, lanserer eg dette sitatet frå ei bok om mellomalderhistorie eg les inni mellom. Det er ikkje ei kyrkjehistorisk bok, men ei allmenn historisk framstelling av livet i epoken. Tiggarordnane eksploderte i oppslutning på 1200-talet og dei blei ein uunngåeleg og dominerande del av samfunsbiletet, både i dei breie laga av folket og på det akademiske området. Ikkje minst galdt dette dominikanarane; Ordo fratrum prædicatorum (Preikebror-ordenen) som det offisielle namnet (forkorta: o.p.).

Teksten seier noko om den prestisjen og kvaliteten dei nye ordnane stod for. Ideala er stadig dei same og livsforma liknar i merkeleg høg grad det vi her får skildra. Sjølv om –élas – intensiteten og disiplinen vekslar, både individuelt og kollektivt, ,i løpet av ei så lang historie.

Den framtidige dominikanaren gjer fyrst eit langt novisiat. Denne tida forblir i han i klausuren og vigjer seg til grundige teologiske studiar. Etter sine første lovnader (lydnad, fatigdom, reinleik) trer han inn i eit kloster det han held fram sine studiar og mottek dei høgre ordinasjonsgradene (diakon og prest). Deretter deler han livet sitt mellom studium, meditasjon, undervising, administrasjon og aksjon, sjelesorg, forkynning på lange preikeferder eller i byane. Alt medan han praktserer streng fatigdom, faste eller anna sjølvtukt som materialiserer bota og forsakinga han er kalla til.

Kledde i premonstratensarane sin kvite habitt med den svarte kappa åt dei spanske kannikane utanpå, styrte også desse spesielle og strikte preikebrørne universiteta – takka vere si teoretiske utdanning – og framskaffa mellomalderens største lærde: Albert den store og Thomas Aquinas.

(Robert Delort: La vie au Moyen Âge, Paris 1982 s 196-97. Sitatet er omsett  frå fransk.)


2 Responses to “discursus: Den hl Dominikus og hans preikebrør.”


  1. 1 Ingvild
    august 9, 2009 ved 7:16 pm

    Gratulerer med (gårs)dagen for den hellige Dominikus! Jeg har hatt stor glede av å studere både historien og spiritualiteten til «prekenbrødrene» i vinter. Noen hevder at dominikanerne ikke har en egen «spiritualitet», men boken «New Wine of Dominican Spirituality – a Drink Called Happiness» (Paul Murray) viser klare særtrekk som i våre dager går under betegnelsen spiritualitet. Gleden er fremtredende!

    En spesiell gratulasjon til dominikanersøstrene på Lunden som fikk en ny postulant på denne festdagen – en norsk, ung trønderjente. Må Gud lede og velsigne hennes vei!

  2. august 10, 2009 ved 7:38 am

    Takk for gratulasjon, ikkje minst med tilveksten på Lunden! Her i klosteret har vi ein student i Frankrike – og tre unge som ynskjer å tre inn. Be for desse.

    På sett og vis finst det ein dominikansk spiritualitet, men for ein teologisk orden, vil det alltid søkje seg mot den felles kyrkjelege og katolske spiritualiteten; forankra i det kristologiske og trinitariske dogma, med studium/lectio av Skrifta, med sakramenta og det liturgiske livet som puls og ramme.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: