Arkiv for juli 2009



17
Jul
09

officium: Fredag, 15. vike i det allmenne året, 2 Krøn 20, 1-24 (matutin)

”Så snart dei tok til med fagnadrop og lovsong…” (v 22)

Israel var trengd av sine fiendar og folket fortvilde. Profetane viste stadig til den same utvegen: Tru på Gud og hans lovnader. Når kong Josafat innser det, bøyer han seg til jorda i tilbeding og levittane reiser seg og lovar Gud ”med sterkt og høg røyst” (v 19).
Bibelsk tru er alltid lovprisande og gudstenestleg tru. Å tilbe Gud, er å lite på Gud og hans makt til å berge oss ut av umogelege situasjonar. Vi veit ikkje alltid heilt korleis det gjekk til, ofte annleis enn vi trudde. Men så stod vi på nytt i ope lende, vi hadde ikkje gått under, livet hadde fått nye vilkår. Så snart vi tok til med fagnadrop og lovsong.

Øydemarka og slagmarka vart til Lovprisingsdalen.

Reklame
16
Jul
09

carpe diem: Askrova og Kinn

Litt oppdrag er det også på sommarstid. Sundag skal p Pål Bratbak og eg feire messe i Kinnakyrkja (steinkyrkje frå 1200-talet) kl 1600, for lokale og tilreisande katolikkar – og andre som måtte finne vegen dit. I morgon og laurdag bur vi hos vener på Askrova, ei lita øy sør for Kinn. Så no er eg i Florø, saman med mor mi som er med på turen; i morgon tar vi båten ut til øya. Kinn er ein slags «systerplass» til Selje, knytt til dei heilage frå Selje; Sta Sunniva og seljemennene, Sanctis in Selio. Eg har aldri vore anten på Askrova eller på Kinn; ser fram til å kome dit, i dette vakre øyriket ytst i Sunnfjord. Minner meg om Skottland…

Måndag er det retur til Sunnmøre. Til vika blir eg i Haram.


15
Jul
09

discursus: Newmaniana II: Ei fri kyrkje, send til folket

Newmans utfordring til den engelske statskyrkja i samtida var ei utfordring til ei  stadig meir borgarleggjort kyrkje. Kontrasten mellom Oxford før- og etter Newman kunne avlesast på reaksjonane av forkynninga hans i universitetskyrkja St Mary’s. Noko heilt nytt og uhøyrt tok til å vise seg. Studentar og lærarar gløymde den sløve og bedaglege college-atmosfæren som rådde, og strøymde til for å høyre:  All the men of talent in the University [came] to hear him, although at the loss of their dinner.

Newman elska og verdsette mykje av dei gamle engelske universitetstradisjonane og den overleverte kyrkjelege kulturen. Men han skjøna at dersom kyrkja tok til å støtte seg til dette, ville det innebere å byggje på ein nostalgi, på ein illusjon. Den gamle generasjonen av høgkyrkjelege var eigentleg meir protestantiske enn katolske og meir engelske enn apostoliske; såkalla High and Dry, opptekne av stødig, konservativ samfunnsorden og kritiske til vekkjingsrørsler som metodistane og visse evangelikale.  Eit stykke på veg sympatiserte Newman med  mostanden mot den stadig sterkare liberale utviklinga av samfunnet; ei utvikling som fremja religionsfridom og nedbyggjing av den anglikanske kyrkja si priviligerte stilling. Dei romerske katolikkane stødde seg til dei liberale i sin kamp for livsrett både i Irland og i England. Paradoksalt nok var Newman – som dei fleste av hans meiningsfrendar – i byrjinga sterkt kritiske til større fridom for katolikkane; dei såg framleis den anglikanske kyrkja som den rettmessige katolske kyrkja i landet.

Samstundes var der heile tida hos Newman ein innsikt om at det er skilnad på å vere katolsk kyrkje og å vere eit nasjonalt religionsvesen. Kyrkja er ikkje berre fri og overnasjonal, ordningsmessig og læremessig, men også som ein konkret fellesskap, som eit gudsfolk.

Tydeleg såg Newman distansen mellom dette folket og kyrkjeleiinga; presteskapet og episkopatet. Han seier:

We, too, [som Daniel i Babylon], who are in captivity, must bide our time (…) our one tangible object is to restore the connexion, at present broken, between bishops and people (…) we need no Magna-Chartas or Coronation oaths (…) we wish to maintain the faith, and bind men together in love.

Eller som biografien eg les, summerer Newmans innsikt: God does not need state protection.

Newmans fornyingsprogram var nok ein apell om respekt for kyrkja frå den politiske makta si side, både den liberale og den konservative. Men framfor alt, og stadig meir, skjøna han at fornyinga innebar ei re-evangelisering av folk og kyrkje. Fornyinga handla om misjon: We shall attempt to be evangelists in a population almost heathen. Istaden for gjenreising av ytre ære og særfordelar ville han og hans vener tvert om måtte  bu seg på motstand og vanskar:

We shall be driven from the established system of the Church, from livings and professorships, fellowships and stalls; we shall (so be it) muster amid dishonour, poverty, and destitution, for higher purposes.

Å utdanne vedkjennerar og misjonærar, det var oppgåva som venta.

Her syner  Newman ein profetisk innsikt i kva som blir kyrkjene sin veg i den europeiske framtida. Paragrafar, formelle posisjonar og status kan ikkje oppretthalde trua. Det vil berre medføre kompromiss og utvatning og vedlikehalde eit reint nominelt, tilsynelatande kristent samfunn. Det som verkeleg kan bere, er folks faktiske tilslutning til trua, i vedkjenning, gudstenestefeiring, katekese og diakonalt liv. Biskopane og prestane må vere verkelege hyrdingar for dei truande; meir solidariske med det truande folket enn med verdslege styremakter og rådande opinion. Dette vil omfatte dei som til dagleg er trua sitt fotfolk. Men også ærleg søkjande menneske som kanskje ikkje med éin gong dristar seg til ei direkte vedkjenning, vil vere lydhøyre for slike åndelege rettleiarar. Ja, jamvel folk som er usamde med kyrkja og kritiske til henne, vil i det lange løp syne henne større respekt når ho vågar å vere seg sjølv.

Det handlar alså ikkje om elitisme, men om å oppretthalde dei kyrkjelege standardane og om å stole på menneske som ynskjer å leggje dei til grunn for livet sitt og som vil leve i sentrum av den kyrkjeleg fellesskapen, særleg i nattverdfeiringa. Det handlar heller ikkje om å vere prektig og feilfri, men om å fylgje Kristus fordi ein har erfart hans nåde og hans oppreising.

Å synleggjere dette, er stadig kyrkja sitt kall. For verkeleg å kunne gå til folket, må ho fyrst lære seg å stå på eigne bein. No som då.

13
Jul
09

discursus: Newmaniana frå sommaren -09 I: Radikale livsformer

Sommarlektyren er, som sagt før på bloggen, ein tjukk Newman-biografi: «Newman and his Age», av Sheridan Gilley.(London 1990/2003). Eg er komen til den epoken der Newman tek til å innsjå at den anglikanske kyrkja ikkje er verkeleg katolsk og apostolisk og at hans idé om via media (mellom protestantisme og papisme) ikkje held vatn.

Undervegs i boka dukkar det opp mange perspektiv som fortener kommentar og ettertanke. Nokre døme, fyrst dette:

He thought that the Church wanted ’expeditos milites’ (handlekraftige soldatar). Lekfolk og presteskap som sette verdsleg komfort framfor vilje til offer og innsats, prega den engelske kyrkja i samtida. Det tradisjonelle kleresiet var ”gentrified”; små ”adelsmenn”, gjerne dei frå fine familiar som ikkje dugde til anna og som i kyrkja hadde fått seg ein sikker leveveg. Biskopar som favoriserte sine eigne born og slektningar (nepotisme), kjøp og sal av embete og tilhøyrade inntekter (”livings”) var blitt normalt. Men også mange som sympatiserte med Newman og den rørsla han leia (The Oxford Movement), vegra seg ofte når det kom til stykke, they could not afford to have a conscience (sit.).

Dette var noko av bakgrunnen for at Newman, også som anglikanar, såg sølibatet som naturleg for geistlege. Noko av ein romantisk idé er det vel også; han meinte at når folk stifta ekteskap, stogga noko av det grensesprengjande i kallet deira, ikkje berre på det kyrkjelege området, men også intellektuelt. Ferdige, på ein måte. Klårt at dette er einsidig og prega av Newmans personlegdom og idealistisk-romantiske karakter. Men noko av grunnen til vi i dag reagarer så sterkt på ein slik tankegang, heng nok også saman med at det protestantiske og moderne etoset insisterer så heftig på det egalitære, det som skal gjelde for alle, det som er pratikabelt, fornuftig og allmenn-nyttig. Her misser ein noko av det radikale som ligg i sjølve kristendomens vesen: Det eskatologiske, det som peikar ut over denne verda, det som er hinsides all fornuft, det som bryt ut av syklusen med kjøp og sal, å ta til ekte og gje til ekte, å halde ”denne verda” gåande. Fordi desse perspektiva er blitt så stigmatiserte i vår kultur, har kyrkja mist synet for helgenen, for martyren, for den fullstendige overgjevinga. Vi ser det som fanatisk, hyklersk, fundamentalistisk og trugande.

Eg meiner det er mogeleg å verdsetje det ekstraordinære i menneskelege livsformer og samstundes ha eit klårt syn for likskap på det sosiale og materielle området. Vil ein forstå Newman og hans kumpanar, må ein ta med dette synet for det ekstreme. Dei var var litt ”newmaniac”, for å seie det slik. Dette representerer eit utfordring til vår kultur. Ei romantisk utfordring, kunne vi seie. Korleis taklar vi det ekstraordinære? Kanskje fortrengjer vi det på alle andre område enn det sportslege og artistiske? Redsla for elitekultur er påtrengjande for tida, både kyrkjeleg og politisk. Korleis unngå falsk elitisme utan å hamne i forflating og kvalitetsfall?

For orden skuld: Eg meiner det er grunn til å revurdere det obligatoriske sølibatet for sekularprestar i den katolske kyrkja. Dess viktigare er det at ordens- og klosterlivet for menn og kvinner beheld sin rettmessige plass i kyrkja. Desse livsformene er sølibatære pr definisjon.

Noko av Newmans syn for det folkelege skal eg kome tilbake til i neste ”Newmanania”.

11
Jul
09

carpe diem: Terminus.

Vel framme/tilbake på Stranda, etter ei vike på hjul. Kan ikkje akkurat seie Å, hjul med din glede, for akkurat hjula lurte meg litt denne gongen. Dekket frå Ørsta i går gav også opp, på Skylstad i Norangsdalen! Men holet var lite, så eg pumpa og sykla meg opp heile den bratte dalen og let det stå til unnabakke ned mot Hellesylt med stor fart og lite luft. Ikkje bra, men dette var siste etappe, så det fekk stå til. Skodda ned i fjella i går letta meir og meir i dag og denne dalen er eit drama av ein dal, kolsvarte fjellsider, toppar på 1600- og 1700 moh rett opp på begge sider, du passerer Slogen, Smørskredtind, Skruven, Kvitegga og fleire. Smaragdgrøne skredlier, fossande elv, blanke vatn, stølar av gråstein og torv, som grodde opp av jorda. Planen var å stoppe litt og økte, men no gjaldt det om å komme heilskinna til Hellesylt. Der er det Bygdadagar med marknad og folkeliv, og avtalen var å møte familie frå Stranda og få skyss med dei.

Dermed kom eg tidleg fram. Rett på den vesle, lune badestranda, av med svette T-skjorter etc og ut i sjøen – som verkeleg var iskald, også etter min smak. Nokre dagars nordavind inn fjorden («Ut-rønå», som sagt) og mykje kaldt elvavatn frå snøsmeltinga i fjella gjer sitt. Når vêret er frå ein annan kant, er det ofte varmt i sjøen her inne i dei inste fjordane. Vel, eg blei tørr og varm etterpå; skifte skjorte og shorts og roa meg på grasbakken ned mot fjøra.

Skulle hatt meir tid og ro påRovdestranda, torsdag, og i Norangsdalen i dag; elles har det vore strålande dagar. Framdrift, fridom, opne og mektige landskap. My way. Takk for fylgjet!

No blir det litt kvild og litt fjellturar med base på Stranda; til torsdag.

10
Jul
09

carpe diem: På hjul VI

Wenn jemand eine Reise tut, dann kann mann was erzählen (når nokon gjer ei reise, har han noko å fortelje) heiter det i ordtaket. No har eg sykla korte og lange turar i tretti år utan å punktere, men til gjengjeld fekk eg heile kvoten på to dagar. Høyr berre:

I går stod eg tidleg opp på Sandsøya og glei over brua og fyllinga til Voksa og ferjekaia, gjekk ombord, og på land på Åram på Hakkalestranda. Vakkert vêr, klår luft, stille – nordavinden hadde ikkje stått opp endå – forbi Sørbrandal til Kopanernes ytst i Syvdsfjorden, vidare innover forbi Eidså; lette blågrøne sommarbylgjer på fjorden, fjell med snøklattar inst i fjordbotnen. Pause i Syvde, tenkte eg og kom dit etter ein liten time på pedalane. Akkurat då merka eg at framhjulet blei flatt. Ved det gamle meieriet sat det to ungdomar og problemet kom sjølsagt på tale. Det var Anton frå Sverige, no busett i Noreg, og Andreas som hadde sommarjobb her.

Straks tibaud dei ei handsrekning, men dekket lak like ille. Sola varma og timane gjekk, Syvde er ikkje plassen med spesialbutikkar for sport og syklar, akkurat – ja, ikkje for mykje anna heller. Til slutt måtte vi til Fiskå og der hadde dei slangar. Pausen i Syvde blei altså sterkt forlenga, men etterkvart trakka eg meg utover på andre sida av fjorden og no var nordavinden på plass. Nordover Rovdestranda barst det, så ope og vakkert, har sunge med kor mange gonger i kyrkja der, rask rast utanfor Coop-en. På’an igjen. Etter eit par kilometer kjende eg at framhjulet flatna igjen, det var dessverre den pure sanninga og ikkje ein ”fakta morgana”, som han sa, fiskaren hos Gabriel Scott.

Eg skulle til Volda og bu hos Inger og Jan ove Ulstein, så fram måtte eg. Endå ca ei mil (minst?) til ferja på Lauvstad –alltid ei ferje på desse kantar – og ingen tek opp hikarar med sykkel og ryggsekk. Så då var det berre éin ting å gjere: Eg labba på apostlhestane med sekk og sykkel, utan pause, sant å seie, helt til Lauvstad. Stadig vakkert vêr, sjøl om vinden blei litt meir hustren ut på kvelden. ”Ut-rønå” kallar vi denne vinden på våre kantar. Ein kan gjere mykje når ein går: Sjå på landskapet, denne ytre, breie delen av Stofjorden som her heiter Rovdefjorden, puste inn fjordluktene, leggje merkje til dei velstelte gardane, merkje korleis kysten blir fjordland og skogen større. Stadig nye svingar og nes. Gå og gå. Be kan du også. Og tenkje. Takk til Gud (om enn eg,ærleg tala, var litt frustrert) og til Paul som i si tid gav meg eit par gode joggesko!

Etter to timar var eg framme. Vente på neste avgang. Ombord. Blir henta på kaia i Volda. Veldig fin kveld og lang prat med Inger og Jan Ove oppe i Bregnevegen. I Volda ser ein Rotsethornet frå alle stoveglas.

I dag var fyrste ærend til sykkel-legevakta på G-sport i Volda. Ein kjempegrei kar skifte dekk etc og eg la på veg opp over Krøvelseidet, retning Bondalen og Sæbø. Rann ned i stor fart frå toppen til Åmdalen – og der var jammen dekket flatt igjen? Om eg ikkje sa noko ”sterkt”, tenkte eg det, i allefall; pumpa så pass luft inn at eg sleit meg opp på Bondalseidet, berre for å innsjå at lufta var ute for godt. Bondalseidet ein fredag klokka to. Siste – og einaste – buss mellom Ørsta og Sæbø er gått. Underleg nok kom det ein bil og stoppa, ikkje for å snakke meg med; berre stod der. Med ein lokal kar bak rattet. Skulle ikkje til Sæbø, og der er det dessutan ikkje anna enn smør og sukker å få kjøpt. –Kanskje det kjem ein traktor, sa han. Og jammen gjorde det det, der og då! I feil retnig rett nok, men i nauda er alle retningar ut av status quo, gode. Han skulle ned til Ørsta og hente kraftfôr. –Berre hiv sykkelen på tilhengaren og bli med. Inga anna råd; det er sjelden eg snur her i livet, men innsåg at no var det  det klokaste.

Norangsdalen, på den andre sida av fjorden for Sæbø, er også bussfri om kvelden og det tjukna til. Ikkje råd å nå Hellesylt i kveld, skjøna eg. Nedatt alle motbakkane eg hadde sveitta meg opp, heilt til sjøss; i Ørsta er det to sykkelbutikkar, sa Jan Rune, traktorsjåføren. Ned dalen, inn på butikken, og så finne ein plass å vere til i morgon.

Der er eg no. Hos Jorunn og Matias Austrheim, prestefolket her som eg kjenner godt frå før. Dei var heldigvis heime. Elles ville eg ha dratt tilbake til Volda, som ligg ei mil unna, til der eg overnatta sist. Eller sove under ein busk. Har henta sykkelen og prøver meg på siste etappe igjen i morgon. Eg må nok skifte heile hjulet etter denne ferien, og i verste fall skifte sykkel!
Vonar på bra morgondag, skal sjekke bussrutene, sure! Just in case… ☺

Moral: Når nauda er størst, er hjelpa nærast!

PS: Stor takk for gjestmilde og hjelp! Ikkje minst takk til Anton og Andreas! Utruleg fine ungdomar! Som englar. Kanskje dei var det?

Eller St Antonius og St Andreas i Syvde-disguise??

08
Jul
09

carpe diem: På hjul V

Rett opp for den kvite sandstranda ligg Sande kyrkje. Ei lita bukt ut mot fjorden, havet rett ut i vest. Eit grønt belte med dyrka mark ligg mellom kyrkja og fjellet; lyngbrunt kystfjell isprengt bergrabbar og gråstein, bratt opp tre, fire hundre meter.

Her har det nok lege kyrkje også i mellomalderen; altarskåpet er frå den tida og sikkert overflytta frå den kyrkja som stod her før. Eit stort krusifiks ragar opp over korbogen, på ein tverrbjelke frå 1619 med inskripsjonen: Verbum Domini Manet in Æternum (Herrens ord varer i all æve). Det blir arrangert konsertar her om sommaren så det klaffa fint med min øyatur at det var ikveld også. Eg måtte gå fram i koret etterpå og bøye kne på altarringen – for å sjå biletet av Guds Mor med barnet. Eit blikk så gjennomtrengande mildt, om det kan seiast slik. Eit blikk som ser alt, og forblir fullt av fred. Eit under at desse marianske tavlene har blitt ståande også etter reformasjonen (som på Stranda). Det må ha gjort noko med folket, kanskje umedvite. No står ho som eit teikn på det kristne trusmysteriet; Ordet som vart kjøt – og kallar folket stille tilbake til fullnaden i trua.

Før eg kom så langt som til kvelden, var eg ein tur i sterk sol og piskande nordavind, utover Kvamsøya, til Ristesund. Store, breie gardar heilt i havkanten, ei vid sandbukt, Ristesanden, sundet ut mot den einbølte, fråflytte øya Riste; eit stykke Færøyane på Sunnmøre. I ytste enden av bukta er det ein liten hammar og eit par naust. Ikkje eit vindpust der. Med ryggen mot naustdøra og føtene i sanden sit eg og les Newman. Nordavinden – min fylgjesvein desse dagane – jagar skydottar over himlen som elles er sprakande blå.

Ferja går til Voksa/Sandsøy kl 1245. Her overnattar eg i eit privat hus med ”rom til leige” om sommaren. Bed and breakfast på norsk. Hiv av sekk og sykkelveske og syklar ut til Skar med utsyn mot den langstrekte bratte fjellsida som vender mot vest. Tilbake og rundt på nordaustenden av øya, til måleriske Sandshamn. Kjøper ei boks baked beans in tomato sauce og inntek dette med nokre snaddar medbrakt Stranda-mør (lokal spekepølse) samt ei flaske eplemost. Ved eit av dei velsigna treborda med påmonterte benker som står utplasserte på sommarstid over det ganske land! Her kan ein ete, lese, skrive, og ta ein strekk med boka under hovudet. Sola skin og skin…

Men det tjuknar til når eg syklar ut til Hellandsvågane. Blir berre nokre dropar. Ute på dei ytste, harde svaberga er det plass for berre å vere stille. Sjølv sommardønningane lagar ein djup dur i sjøen, ein vibrerande grunntone. Ur-tonen.

Det lettar. Eg drar tilbake. Dusjar. Turr shorts. Konserten. Vel i hus igjen blir eg sitjande å snakke med vertinna/husmora. Ho fortel om borna sine. Sonen, Magnus, er halvt afrikansk, har vakse opp på Sandsøya – og studerer no dans i London! Eg ser på ein video at han er veldig dyktig; musikk i heile kroppn, god på moderne dans, hiphop og ballet! Coming man, spør du meg.

Sandsøya – med verda rett rundt hjørnet! God natt!

PS Idag, den 8. juli, var det festen for Sta Sunniva og Seljemennene, Seljumannamesse! Selje ligg rett rundt Stadt, ikkje langt herfrå, så eg feirar dagen i eit Sunniva-landskap… Må ho be for oss!

07
Jul
09

carpe diem: På hjul IV

Det vart ein vakker dag. La ut frå Tjørvåg i 11-tida, til kaffirast hjå tremenningar på Moltustranda. Med sveler! Her ute opnar Flåværleia seg mot Stadhavet. Fjøra blir blir storfjøre; større steinar og svaberg, kraftigare tare, tyngre dønning. Havet pustar og bankar heftigare her, sjølv på ei sommarsdag. Ute på Hisneset, der det rundar innover mot Gjerdsvika, spring eg av sykkelen og finn meg eit lé nedom vegen. Skoddekrullane som legg seg inni fjellsidene, er borte her, himlen er varm og blå og skipsleia går friskt og litt kvitbærr i brisen. Sit her ei god stund og lunar meg. Blir opna og utvida, slepp ljoset inn på auga, inn i sjela.

Etter Gjerdsvika og eit nytt nes trør eg innover Gursken, gjennom Haugsbygda til Gurskebotn. Finn butikken i vegkryssset, kjøper ein kartong jus, tek matpausen ved bordet utanfor veggen. Femstjerners: Medsend torskerogn frå Tjørvågane i ein liten plastboks, eit par grovbrødskiver. I ly av Joker-butikken, sykkelen parkert ved sidan av. Folk er høflege her i utkantane; seier: -Velbekomme! når dei passerer meg på veg inn butikkdøra.

Over Drageskardet må eg delvis dra sykkelen, og så er det bratt ned til Larsnes. På toppen av skardet opnar utsikta seg mot Stadt og mot Hakallestranda og øyane i Sande. Nede på Larsnes trillar eg rett ombord i ferja som går fyrst til Åram på fastlandet, så til Voksa/Sandsøy og endeleg til Bringsinghaug på Kvamsøy. Der har kjenningar formidla kontakt med folk som kan hyse meg i natt – for det er ikkje noko campinghytte eller andre turistfasilitetar her på øya.

Like opp om ferjekaia bur Magne Støylen og kona. Der får eg rom, ladar om ryggsekken og syklar ut til vestpynten på øya, Bassenes. Heilt ut går eg og set meg ned, under ein høg hammar der nordavinden ikkje tek. Skodda krullar seg over fjella på Stadtlandet, men her er det skoddefritt; snart skin sola meg rett i fleisen. Havet glitrar i motljoset. Berre sitje her. Lenge. Vere.

På veg innatt, stoggar eg ved minnesstøtta over Bernt Støylen, ved den vesle garden Støylane på ei smal rand mellom øyfjellet og havfjøra. Diktaren og presten. Eg har lenge tenkt å valfarte hit. Bernt Støylen, den nynorske kyrkje- og kulturarven. Mitt eige jordsmonn.

Eg syklar gjennom gardstuna; alle luktene på ei slik øy om sommaren: Hundekjeks og nyperoser, hyll og kaprifol, sterkt krydda av ram sjølukt.

07
Jul
09

carpe diem: På hjul III

Gårsdagen starta med skodde ner i fjella. Men alt då eg var på ferja frå Sulesund til Hareid, tok sola makta og litt i senn blei himlen heilt blå. Lett nordavind og nokre grader svalare enn den siste vika. Perfekt klima for meg, og ikkje minst for sykling.

På Hareide var eg innom gravstaden til ein nær ven frå yngre år, Folke Grimstad, som døydde av kreft berre 35 år gamal. Aktiv i det lokale kultur- og kyrkjelivet, med vekt på korabeid, musikkepedagog av utdanninng som han var. Hugsar enno gravferda. ”Ljos over grav…” – eg veit vi skal møtast att. Foreldra til Folke, Rasmus og Dagny, har eg ikkje sett på mange år, så eg måtte oppom garden og helse på. Over nitti år, og både klåre og flakkføre (som det heiter på sunnmørsk)! Fint gjensyn, i ein heim der eg har gått mykje ut og inn!

Over eidet til Ulsteinvik barst det så, ut langs Dimnasundet, over Dragsundbrua og vestover mot Herøy. Turen gjekk rundt- i staden for gjenomm dei to tunnelane på vegen, og på Myrvågneset rasta eg i vegkanten med nista og Newman-boka. Og vel ute i Tjørvågane, trilla eg ned på brygga framfor ei lita sjøbu, bada raskt i fjøresteinane og sette meg i sjøbuveggen og las vidare. Stor-måsen nytte finevêret saman med meg, med dei godlynte klukkelydane som alle folk frå havkanten kjenner så godt. Harmoni.

På Storeneset, ved Stokksundet, og like ved Indre Herøy kyrkje, bur Norunn og Sigmund Stendal/Aksne; gamle kjende frå Haramsøya og frå Skruk. Dei tok meg med på ein kjapp kveldstur ut i Mulevika på Nerlandsøya. Ope mot storhavet, dønning mot strender av rullestein og sand, grått berg og ullkvite sauer i det grøne beitelandet rundt bukta. Nordavinden roar seg ikkje om kvelden heller, men driv på og blæs, med solskin på alle kantar. Sein kveldsol som til slutt gøymer seg bak Muletua.

I dag berst det vidare på vestsida av Gurskøya; Moltustranda, Gjerdsvika, Gursken, Larsnes – og ferje til Kvamsøy/Sandsøy.
Sommar og sykkel…

06
Jul
09

nota bene: Amal Aden

Den siste tida har m a vore prega av den unge kvinna Amal Adens oppgjer med Hege Storhaug og hennar organisajon, Human Rights Service. Amal Aden har teke bladet frå munnen og fortalt korleis den islam-kritiske og innvandrar-kritiske organsiasjonen har utnytta henne i sin propaganda og nedverdiga henne som truande. Storhaug et co avviser det heile, sjølvsagt.

Vi må velje kven vi vil tru på. Eg, for min del, stolar på Amal Adens forteljing. Ho viste mot når ho påtala negative ting i sine eigne miljø og viser no mot til å seie frå om haldningane hjå sine norske støttespelarar. Mange, særeleg i FrP miljøa, støttar Storhaug og reknar henne for ein helt i kampen for ”norske verdiar”. Storhaugs organisasjon er avhengig av godt rennomé – for dei mottek 1,8 millionar kroner i statsstøtte kvart år. Så her er det i høg grad mange slags ”verdiar” som står på spel.

Eg vonar at denne saka kjem skikkeleg fram i ljoset. Både korleis ein slik organisasjon arbeider og opererer og kva slags haldningarvi har med å gjere i det norske folket. FrP-bloggarar eg er innom, hausar stadig opp frykten for at Noreg snart blir ”overtatt av islam”. Vi er vitne til eit tiltakande hysteri i mange miljø; både hjå venstre- og høgreintellektuelle og mellom ”folk flest”. Det ville vere bra om ein roa ned litt og heller tok imot utfordringane til vår kultur med open ettertanke. Den norske livsforma blir nødt til å endre seg. Ein så materialistisk og religiøst indifferent kultur som den vi har utvikla, har ikkje berekraft. Det må vere plass til mange slags livvsyn i eit samfunn som vårt, også for ikkje-truande, sjølvsagt. Men dei som hevdar å forsvare den kristne arven, vil gjere det meir verknadsfullt ved å ta si eiga tru på alvor enn ved å prøve å halde unna andre truande. Det er ikkje islam, men dei sekulariserte kyrkjene som er den største trusselen mot kristendomen i Noreg i dag.

Tru overlever ikkje som nasjonal pyntegjenstand, berre som bruksgjenstand.

05
Jul
09

carpe diem: På hjul II…

Eg kom vel fram til Nørvasundet (som også er det gamle norrøne namnet på Gibraltar: det smale -«narrow»- sundet) i Ålesund. Stakk innom ein lokal Kiwi-butikk og kjøpte ei flaske cola  som eg styrta i meg. Så  las eg vesper på benken utanfor; ingen vakker katedral, men  Guds hus der og då, likevel.  Så ringde eg på hos pastor Johannes Hung, den katolske soknpresten i Ålesund – og vart vel motteken og innlosjert.

I dag var det høgmesse i Vår Frue og eg preika og presiderte. Kyrkja var full, alle slags nasjonalitear, kraftig song, sterke svar i dei liturgiske dialogane, ei bedande og lyttande forsamling. Guds vesle familie, ei lokal grein av den store.  Her er ein heime med ein gong.  Her er «the real thing».

Kyrkjekaffi og helse på folk. Ingebrigt, prest i Spjelkavik (DNK) hentar meg, hiv sykklen bak i stasjonsvogna og det berst avgarde til Fiskarstranda på Sula, der han og Birgitta bur. Vi går ein tur til sørsida av øya, med strendene og skogberga som vender sør og aust og ut mot den breie Storfjorden. Barstadvika og Jønshornet tvers over, sunnmørsalpar i lange rekkjer, lågare kystfjell utover forbi Vartdal og ut mot Hjørungavåg og Hareide. Den fråflytte og lunt liggjande garden Eikremsvik ville vore ein utmerka retrett- og meditasjonsstad… Det blei tid til ein dukkert i varm fjordsjø; kjenner at det har vore godvêr lenge. Turke meg med T-skjorta, rusle innover svaberga.  Tangen duvar mjukt  mot fjøresteinane.

I morgon tidleg legg meg på hjul igjen, fyrst til ferjeleiet på Sulesund med overfart til Hareid. På veg til Tjørvåg.

04
Jul
09

carpe diem: På hjul..

Trilla akkurat inn på ferja mellom Aursnes og Magerholm..kl 1630. Starta frå Stranda 1425, måtte dra sykkelen opp den hardaste kneika til Strandafjellet, og rann så i susande fart ned Velledalen, ut langs Fetvatnet og Sykkylvsfjorden, pæste på ut strendene til ferjekaia – og no på bøljan blå over Storfjorden. Fantastisk vêr, disen frå i går er borte, glinsande brear, kolsvarte fjelltindar, irrgrøne skoglier og fjordar, fossande kvite elvar, logande fiolette geiterams i vegkantane. No til den katolske prestegarden i Vår Frue, Ålseund. Så langt, så godt. Ferjeturen er kort, så det må bli meir seinare..

03
Jul
09

carpe diem: Stadig Sunnmøre, stadig sol!

Det er for tida strålande på desse nordvestlege kantar av landet, som mange andre stader, i alle fall i Sør Noreg. I dag har eg vore på ein skikkeleg fjelltur; rett ut av stovedøra og opp i fjellheimen rundt Stranda. Nordabrisen svalar når du kjem opp over dei sør- og austvende liene. Endå er det store snøfonner og breklattar her oppe i sunnmørsalpane. På ei viss høgde i løypa mi stig ringen av tindar opp over horisonten: Leirvasshorn, Smørskredtind, Brekketindane – og bak der: Slogen, nærare meg ragar Brunstadtinden (Daurmålshornet kallar dei han i grannebygda) opp, og så kneisar Råna og Regnvasstindane mektig over Velledalen i Sykkylven. Utanfor: Øyane nord for Ålesund. Mot nord: Ytre Romsdalen og fjellheimen rundt Tresfjord og Innfjorden. Mot sør: Breheimen i Nordfjord med Lodalskåpa nærast. Mot aust: Tafjordfjella og Lesja-traktene.

Eg når ein topp, rastar, og spring vidare ned til riksvegen ved Svartevatnet – og blir henta der.

I morgon pakkar eg sykkelveska og dreg på ein liten odyssé langs fylgjande rute, om alt går om lag etter planen:
Ålesund (messe i Vår Frue), Fiskarstranda, Sulesund, Hareid, Ulstein, Tjørvåg, Gjerdsvika, Larsnes, Sandsøy, Kvamsøy, Åram, Syvde, Rovde, Velsvik, Lauvstad, Volda, Krøvelseidet, Bondalen, Sæbø, Urke, Øye, Norangsdalen, Hellesylt – og Stranda. Har med så lite som råd, men ei tjukk Newman-bok (som sagt) må med.

Eg bloggar når eg kan, men det daglege ”officium”, må nok pause litt. Så vi får sjå.

No er eg altså på Stranda. Ei bygd der det har vore kristen gudsteneste sidan 1000-talet, kanskje før. Lokale høvdingar møtte trua på sine ferder og let byggje kyrkje på eigen grunn. Sikkert med eigen prest. Endå er det fyrste kyrkjetufta synleg på garden Opshaug, innover ved fjorden her. Vigd til den hl. Peter apostel var ho. I går deltok eg ved gravferda til morbror min som døydde etter lang tids sjukdom. Gravferd frå Stranda kyrkje – med den seinmellomalderske altartavla; Maria med barnet i sentrum, den hl. Anna, og den hl. Andreas apostel; på dørene i altarskåpet ser vi den romerske diakonen Laurentius’ martyrium framstelt. – Eit teikn på at også denne fjordbygda tidleg var ein del av den store verda. Og den verdsvide kyrkja.

01
Jul
09

carpe diem: Heimatt i sol og nordavind!

Og her sit eg på «Systra» kafé på Sjøholt; kom akkurat med tog og buss frå Oslo via Dombås og Åndalsnes, denne gong med min gode gamle tur-racersykkel i baggasjen. DBs, ti gears, lett og kjapp. Her er det også varmt, men frisk nordabris er herleg etter klam Oslo-varme i fleire dagar. No blir det til fjells og til havs, med ei stor bok om Newman i sekken eller sykkelveska. Meir om alt dette…. Stranda fyrst. Blir borte frå Oslo til 4. august.




kategoriar