23
Jul
09

discursus: Undset aktuell

idag er det festen for den hl Birgitta (av Vadstena), ein av Europas vernhelgnar. Då passar det med litt Sigrid Undset – som både har skrive om Birgitta, og som kanskje liknar henne litt…

ETISKE VERDIAR OG KRISTEN TRU

Sommarlektyren omfattar også stoff som dukkar opp undervegs; det må alltid vere plass for det som er impromptu, tilsydelatande tilfeldig, det som Oskeladden finn i vegkantane.

I dag kom eg over ei bok av Sigrid Undset; ei essaysammling (Etappar, Oslo 1933. À propos: Ver obs på nyutgjevinga av Undset-stoff, ved Liv Bliksrud dei siste par åra). I det eine essayet: ”Svar til en sogneprest” syner Undset, som så ofte, si profetiske innsikt om kulturutviklinga. Ho seier m.a.:

Vi maa forsøke at gjøre os dette klart – vi tør ikke gaa ut fra, at noget i Europæisk tradition, kulturværdier, moralbegreper, følelsesrikdommer, som har sin oprindelse i den katholske Kirkes dogmatisk definerte kristendom, skal fortsætte at leve videre et ”naturlig” liv, hvis Europas folk forkaster kristendommen og nægter at ta imot Guds overnaturlige naade. Man kan like gjerne tro, at et træ hvis røtter er hugget over, skal bli ved at grønnes og bære blomster og frugt” (s 211).

Poenget mit her er ikkje ei markering i høve til andre religionar. Eg trur Undset i dag ville skjønt at alle som trur på Gud og på ei guddomleg makt, har grunnar for å stå saman. Poenget er hennar klårsyn når det gjeld å ta positive verdiar for ”gitt” utan å sjå deira forannkring i konkrete tradisjonar. Ja, for Undset handlar det om å få sagt at også moralske standarder og livsformer er svært utsette dersom dei ikkje har støtte frå Guds openberring, slik kyrkja og Bibelen har overlevert det til oss.

Ho appliserer dette på område som t.d. sjølvmord og ekteskap. Respekten for livet, også mitt eige, er forankra i trua på Gud som skapar og på mennesket sin evige lagnad. Om framtida for ekteskapet seier ho:

Ikke fordi jeg tviler paa, at mange enkelte protestantiske kristne hver for seg kjæmper for kristendommens gamle standarder. Men som organiserte kirkesamfund har alle protestantiske sekter omntrent, i alfald i spørsmålet om egteskap og familieliv, kapitulert overfor de hedenske synsmaater” (s 224).

Sjølv om eg ikkje meiner det utan vidare er rett å kalle protestantiske kyrkjesamfunn for sekter, er Undsets ord svært råkande for den situasjonen vi står midt oppe i idag, både kyrkjeleg og samfunnsmessig.

Vi har lett for å tenkje at ei katolsk forfattarinne som skriv om mellomalderen på ein positiv måte og framhevar den katolske historia som ein verdfull arv, vil agitere for ei samfunnsmessig tilbakevending til gylne epokar. Då er det frigjerande å sjå kor fjernt dette er for en tenkjar og samfunnsdebattant som Undset. Ho var fullt på det reine med at katolsk – ja, kristen- tru og etikk, ville måtte ta høgde for å kome i minoritetsposisjon i framtida. Ho er pessimistisk, men ikkje på ein sur og snerpete måte. Det er ein klargjerande og sanerande pessimisme, ei naudsynt realitetsorioentering.

Som kristne – og særleg som katolske kristne – er det viktigast å halde fast på ideala for vår eigen del, noko som er desto vansklegare når vi ikkje har støtte frå samfunnet elles. Det må vere klårt at kristen etikk, ikkje minst på det samlivsetiske området, i praksis førutset Gud og hans openberring, lært og formidla av kyrkja, stødde av andre truande og av menneske av god vilje. Eit kristent liv førutset også Guds nåde og nådemiddel, ein levande fellesskap, innsikt om at mennesket både er skapt i Guds bilete og ber i seg destruktive krefter. Til sjuande og sist førutset det også ein innsikt om at mennesket er skapt til evig liv hjå Gud og at det har ein evig lagnad å ta stilling til.

Gud kan endre alle situasjonar. Nettopp difor kan vi, utan fortviling og forsuring, våge å vere ærlege.


8 Responses to “discursus: Undset aktuell”


  1. 1 wo
    juli 24, 2009 ved 12:33 am

    Du har kanskje sagt noko om det før, men meiner du at me ikkje skal driva misjon overfor muslimar? Er der forskjell på å driva misjon overfor muslimar i Noreg og på Zanzibar t.d.?

  2. juli 24, 2009 ved 11:03 am

    Misjon er alltid lokal, alt etter situasjonen og konteksten. Men når det gjeld muslimar – anten dei bur i Zanzibar eller på Jessheim – kan vi ikkje plassere dei som «heidningar». Dei står i ei klasse for seg, som det jødiske folket (som sjølvsagt står kyrkja endå nærare), for di dei tilhøyrer den Abrahamittiske tradisjonen og er nærskylde til både jødedom og kristendom.

    Dette må vi ta omsyn til i samtalen med dei om Gud og om korleis Gud har openberra seg. I høve til eit avkristna og sekularisert samfunn som vårt, er det viktig for meg å markere det vi som truande står felles om.

  3. 3 wo
    juli 24, 2009 ved 5:57 pm

    Ja, alt dette er greitt. Men skal me berre gå stille forbi dei då? Dei får driva med sitt og me med vårt.

  4. 4 wo
    juli 24, 2009 ved 6:04 pm

    Du er klårare i dagens officium, ser eg. Så eg stussar over diplomatien her.

  5. 5 Ståle
    juli 24, 2009 ved 9:34 pm

    Ja, det er et interessant spørsmål hvem vi som er kristne skal alliere oss med. Hvem er den største trusselen – sekularismen eller islam? Hvem vil du ha som våpenbroder, Mullah Krekar eller Richard Dawkins? Eller hva hvis du får valget mellom Abid Raja og Jens Brun-Pedersen? Jeg vil gjerne forsvare vestlige verdier sammen med sekularistene, men ser at det finnes svært mye verdifullt i islam også – både kunsten, moralen, spiritualiteten og ikke minst musikken. Jeg er veldig imponert over hvordan dere i dominikanernes franske provins møter islam i den arabiske verden, med dyp respekt og stor saklig kunnskap, slik som provinsens studiesenter for islamsk kultur i Kairo. Samtidig føler jeg et behov for å alliere meg med Siv Jensen og Fogh-Rasmussen mot Osama Bin Laden og hans likesinnede.

  6. 6 Herman
    juli 24, 2009 ved 9:54 pm

    Æsj- hvorfor må alt handle om allianser og motallianser. Kan vi ikke bare snakke sammen.

    Verdens eldste mann i Storbrittannia som døde 113 år gammel, sa nylig at:
    «Krig er det dummeste. Kan man ikke bare snakke sammen før man begynner? Det er jo til syvende og sist det man må gjøre likevel.»

    Hilsen

  7. juli 25, 2009 ved 3:16 pm

    Til wo:

    I offentleg samtale med andre, som i «discursus» o l, må ein vere viljug til å kome den andre i møte. I høve til islam, er ein for ein god del på felles grunn. Fyrste etappe til å forsone seg med Gud, er å erkjenne at han er til, at vi respekterer hans bod, at vi veit at vi skal svare for han på domedag, at der er ei evig sæle og ei evig fortaping, at vi treng Guds tilgjeving. Her har vi mykje å markere saman utåt i eit samfunn som meir eller mindre fornektar alt dette. Berre når vi forstår kvarandre i dette og respekterer det, kan vi få forståing for kven Jesus Kristus er. Islam trur på Opneberringa til fedrene (Abraham, Isak og Jakob) og har vyrdnad for Jesu person og for Maria, hans mor.

    For meg er det ikkje «taktisk» å vise forståing for islam. Trua på Gud og formidlinga av dette i samfunnet vårt, er for meg eit viktig felles anliggjande.

    Til Ståle:
    Det er ikkje naudsynt å forhalde seg til dei verste utgåvene og representantane for alle retningar. Det finst vettuge ateistar, meir sensa enn Dawkins og det finst andre muslimar enn mulla Krekar. Eg trur likevel Dawkins har langt meir innflyting på moderne ny-ateisme enn Krekar har på islamsk profilering.

    Siv Jensen og Fogh-Rasmussen er ikkje «my cup of tea», det må eg innrømme 🙂

  8. 8 Ståle
    juli 25, 2009 ved 6:23 pm

    Nei, det er ikke nødvendig å forholde seg til de mest ekstreme utgavene, men det kan bruke dem som eksempler for å skjerpe intellektet i forhold til hva man tror på og hvilke verdier man vil prioritere.

    Jeg tror både Mullah Krekar og Dawkins er svært lite representative for sine trosretninger. Jeg håper og tror på en fremtid hvor de moderate retningene finner sammen i et kreativt og mangfoldig demokrati hvor de forskjellige livssynene respekterer hverandre og lærer av hverandre. Men for at det skal skje, må vi kjempe for den frie vestlige verdens verdier – ytringsfrihet, toleranse osv. Og på det punktet var jo karikaturstriden en aldri så liten lakmustest, hvor Bondevik og Stoltenberg angrep Selbekk i stedet for å forsvare de liberale, vestlige verdiene sammen med Jensen og Fogh-Rasmussen. Ihvertfall da var det sistnevnte som var «my cup of tea» 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: