08
Jul
09

carpe diem: På hjul V

Rett opp for den kvite sandstranda ligg Sande kyrkje. Ei lita bukt ut mot fjorden, havet rett ut i vest. Eit grønt belte med dyrka mark ligg mellom kyrkja og fjellet; lyngbrunt kystfjell isprengt bergrabbar og gråstein, bratt opp tre, fire hundre meter.

Her har det nok lege kyrkje også i mellomalderen; altarskåpet er frå den tida og sikkert overflytta frå den kyrkja som stod her før. Eit stort krusifiks ragar opp over korbogen, på ein tverrbjelke frå 1619 med inskripsjonen: Verbum Domini Manet in Æternum (Herrens ord varer i all æve). Det blir arrangert konsertar her om sommaren så det klaffa fint med min øyatur at det var ikveld også. Eg måtte gå fram i koret etterpå og bøye kne på altarringen – for å sjå biletet av Guds Mor med barnet. Eit blikk så gjennomtrengande mildt, om det kan seiast slik. Eit blikk som ser alt, og forblir fullt av fred. Eit under at desse marianske tavlene har blitt ståande også etter reformasjonen (som på Stranda). Det må ha gjort noko med folket, kanskje umedvite. No står ho som eit teikn på det kristne trusmysteriet; Ordet som vart kjøt – og kallar folket stille tilbake til fullnaden i trua.

Før eg kom så langt som til kvelden, var eg ein tur i sterk sol og piskande nordavind, utover Kvamsøya, til Ristesund. Store, breie gardar heilt i havkanten, ei vid sandbukt, Ristesanden, sundet ut mot den einbølte, fråflytte øya Riste; eit stykke Færøyane på Sunnmøre. I ytste enden av bukta er det ein liten hammar og eit par naust. Ikkje eit vindpust der. Med ryggen mot naustdøra og føtene i sanden sit eg og les Newman. Nordavinden – min fylgjesvein desse dagane – jagar skydottar over himlen som elles er sprakande blå.

Ferja går til Voksa/Sandsøy kl 1245. Her overnattar eg i eit privat hus med ”rom til leige” om sommaren. Bed and breakfast på norsk. Hiv av sekk og sykkelveske og syklar ut til Skar med utsyn mot den langstrekte bratte fjellsida som vender mot vest. Tilbake og rundt på nordaustenden av øya, til måleriske Sandshamn. Kjøper ei boks baked beans in tomato sauce og inntek dette med nokre snaddar medbrakt Stranda-mør (lokal spekepølse) samt ei flaske eplemost. Ved eit av dei velsigna treborda med påmonterte benker som står utplasserte på sommarstid over det ganske land! Her kan ein ete, lese, skrive, og ta ein strekk med boka under hovudet. Sola skin og skin…

Men det tjuknar til når eg syklar ut til Hellandsvågane. Blir berre nokre dropar. Ute på dei ytste, harde svaberga er det plass for berre å vere stille. Sjølv sommardønningane lagar ein djup dur i sjøen, ein vibrerande grunntone. Ur-tonen.

Det lettar. Eg drar tilbake. Dusjar. Turr shorts. Konserten. Vel i hus igjen blir eg sitjande å snakke med vertinna/husmora. Ho fortel om borna sine. Sonen, Magnus, er halvt afrikansk, har vakse opp på Sandsøya – og studerer no dans i London! Eg ser på ein video at han er veldig dyktig; musikk i heile kroppn, god på moderne dans, hiphop og ballet! Coming man, spør du meg.

Sandsøya – med verda rett rundt hjørnet! God natt!

PS Idag, den 8. juli, var det festen for Sta Sunniva og Seljemennene, Seljumannamesse! Selje ligg rett rundt Stadt, ikkje langt herfrå, så eg feirar dagen i eit Sunniva-landskap… Må ho be for oss!


2 Responses to “carpe diem: På hjul V”


  1. 1 Bodil
    juli 9, 2009 ved 8:26 am

    Hyggeleg å møte deg etter fin konsert, og håpar at du varslar oss på Hareid litt før neste gong, så vi kan invitere til stode. Har som sagt gjesterom til deg og fleire. Du gir oss vakre naturbilete med ord – er det prinsipp for deg å ikkje legge bilete på bloggen? Sjølv er eg veldig fornøgd med mobiltelefon med 5 megapixel kamera (Nokia N82) der sjølv ein fotoidiot som meg klarer å ta gode nok bilete til facebook, bloggar og avisinnlegg. Nokia 67?? er rimeleg og har slik telefon

  2. 2 Kari Jacobsen
    juli 10, 2009 ved 4:32 pm

    Dine beskrivelser av naturen får meg til å se det vakre landskapet for mitt indre øye. Tenkte i år på Sta Sunniva feiringene i Bergen.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: