04
Jul
09

carpe diem: På hjul..

Trilla akkurat inn på ferja mellom Aursnes og Magerholm..kl 1630. Starta frå Stranda 1425, måtte dra sykkelen opp den hardaste kneika til Strandafjellet, og rann så i susande fart ned Velledalen, ut langs Fetvatnet og Sykkylvsfjorden, pæste på ut strendene til ferjekaia – og no på bøljan blå over Storfjorden. Fantastisk vêr, disen frå i går er borte, glinsande brear, kolsvarte fjelltindar, irrgrøne skoglier og fjordar, fossande kvite elvar, logande fiolette geiterams i vegkantane. No til den katolske prestegarden i Vår Frue, Ålseund. Så langt, så godt. Ferjeturen er kort, så det må bli meir seinare..


1 Response to “carpe diem: På hjul..”


  1. juli 5, 2009 ved 9:55 am

    Hei, flott å lese om naturopplevingane dine på Sunnmøre-i desse strålande sumarsdagane. Men eg vil gjerne spe på med nokre skildringar få hi sida av fylkesgrensa. Vi har vore ein flokk på ca 25 som har gått pilegrimsvandring i omegn, mot Selja og Seljumannamessa som går av staben no der ut i Synniva hola – der den norske kyrkja vart fødd. Sigrid Unset sa det slik ein gong ho sto oppunder hellaren i hola «No står eg under landets eldste kyrkjetak»- Vel, ingen kjem til Selja utan å undre seg og ingen reiser derifrå urørt.. Dette var litt reklame for arbeidet vårt med å gjere Selja og Synniva til eit meir kjent Pilegrimsmål. Frdagaen hadde vi også ein forvitneleg dag- starta med messe i Ervik kapell- gjekk frå Olav krossen på Dragseidet, kyrkjevegen over fjellet til Selje- og hamna i Vanylven kyrkje om kvelden, der 4 unge,vitale musikkstudentar gav oss ei sæle stund.
    Eg skriv dette fordi eg trur at du kan vere ein god «fronter» av heilagstaden og Ljoset frå Selja – noregs første helgen og denne perla av ei øy ut mot havet der det heile byrja… Og med denne vesle pilegrimsbøna som eg stadig forbinde med Selja, helsar eg deg mykje og ynskjer deg ein fin sykkeltur vidare .. med ti gear skulle det kunne bli nokre mil…
    I guds stillhet får eg vera
    taus og ordlaus utan krav
    klår himlar, opne dagar
    Her ei strand ved Nådens hav…


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: