Arkiv for juni 2009



07
Jun
09

poetica: Hymne

på høgtida for Treeininga…

HYMNE

Høgare enn alt,
over universums bogar,
står din stol av ljos –
Englemyriadar syng
og kjerubsverd logar.

Djupare enn alt,
i den inste gåte
les vi dine teikn;
sporet av din Visdoms veg
og din skaparmåte.

Nærare enn alt,
høyr, det slår og bankar;
hjarta, tinning, puls –
ord vert forma i min munn,
bakom panna, tankar…

Liv av liv, min Gud!
Du vert alt i alle
når di kraft står fram,
liksom sola når ho stig,
og det siste slør skal falle.


Reklame
07
Jun
09

carpe diem: Ned frå fjellet…

Eg kom meg vel tilbake til basen i klosteret etter fine einebuardagar i Valdres. Det eg skulle gjere, fekk eg gjort og attåt fekk eg nokre stille dagar på det reint personlege planet. Det er ein eigen dåm over dei indre austlandsdalane; dei store linene, dei djupe, ettertenksame skogane, lyftet opp mot viddene og høgfjellet. Skaper eit stort rom i sjela, døyver sunnmøringen i meg som alltid vil vere så snar i vendinga…

I dag er det høgtida for Sancta Trinita Beata, den sæle Treeiniga. Høgmesse her i klosterkyrkja – og i dag skal vi særleg takke for Lunden Kloster i Groruddalen (kontemplative dominikanarinner), der systrene feirar jubileum, men biskop Bernt og mange andre gjester! Til lukke med dagen! Dei kvinnelege klostera er dei fyrste og eldste i dominikanarordenen, faktisk. Den hl Dominikus grunnla det fyrste i Prouille i sør- Frankrike då han i starta si verksemd. Systrene skulle vere sjølve bønevakta bak dei preikande brørne som snart skulle spreie seg over kontinenetet og etterkvart utover verda.

Klosteret på Lunden blei i si tid grunnlagt av systre frå Lourdes. Dominikanarinnene – våre mødre i Gud!

04
Jun
09

carpe diem: Bagn-blogg

Bloggpausen må forlengast til i morgon, fredag. No er eg berre kjapt innom/nedom butikken og posten på Bagn; er eigentleg stadig i hytta i Stavedalen. Meir om det… Her i sentrum var det mogeleg å kjøpe telenornett- tid, men det er dyrt, og eg må til fjells igjen.. Er i Oslo i morgon ettermiddag, Deo volente… Alt vel!




kategoriar