30
Jun
09

discursus: Tankekrigen

Miljøet rundt Manifest, forumet den nye politiske venstresida, har også starta ”tenketank”. Som respons på Civitas, den konservative tenkjetanken. Ein av føregrunnsfigurane i Manifest Senter for samfunnsanalyse, Ali Esbati, hadde nyleg ein interessant presentasjonsartikkel i Klassekampen (23/6). Både artikkelen og laseringspamfletten ber tittelen: Tankekrigen. Her kommenterer han suksséen til den svenske, liberalistiske tenkjetanken Timbros – og viser at det ein tek sikte på, ikkje er fyrst og fremst partipolitisk, men ein direkte påverknad på samfunnet:

Det er karakteristisk for temaene som tas opp at de omhandler begreper og ideer som påvirker våre oppfatninger om hvordan samfunnet grunnleggende henger sammen. Det handler med andre ord ikke i første omgang til å få flere til å stemme til høyre, snarere om at flere tenker som høyresiden. Det handler heller ikke om å få i stad en borgerlig regjering, men om å skape et borgerlig samfunn.

Esbati innser at intellektuelle på hans politiske side, venstresida, må mobilisere det han kallar effektive motkrefter til næringslivets opinionsdanning. Det dreiar seg om det han også kallar ”problemformuleringsmakt”. Han innser også at Timbro har rett når dei hevdar at tankar må repeterast. Ein må gjenta sin kritikk som en full papegøye, helt til den begynner å gjøre inntrykk.

Bortsett fra å at eg ser mange grunnar til å sympatisere med Esbati, reint politisk, er poenget for meg her å tillempe synspunkt på kyrkja og trua sitt domene. Esbati har skjøna at det dreiar seg om ein tankekrig, ein kamp om tanken. Det var også noko av det dominikanarane skjøna då ordnen vart stifta. Difor vigde dei seg til studiar, til undervising og forkynning både på det akademiske og det folkelege planet. Det handlar om misjon, om å formidle overtydingar. At Esbati og alle som jobbar med tenkjetankar så ope talar om medviten påverknad, viser at det er ingen grunn for kyrkja til å vere flau over at ho driv misjon. Alle gjer det. Det er betre, og mindre manipulerande, å seie det tydeleg enn å late som om ein berre ynskjer å informere. Utan ei djup interesse for det andre står for, nyttar det dessutan ikkje å formidle sitt eige syn.

Apostelen Paulus talar om at vi riv ned tankebygningar og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus (2 Kor 10, 4-6). Andres tankar skal ikkje overdøyvast eller oversjåast, men forståast, tydeleggjerast og kritiserast. Kritikk er ikkje unyansert fordøming, men utøving av skjøn; å skjelne og vurdere. Kyrkja treng teologar og andre kvalifiserte folk som kan utøve denne kritikken i samtida. Det må også myntast ut og anvendast på det offentlege planet i publisering og debattdeltaking.

Påverknad i samfunnet i dag skjer ikkje berre gjennom overtaking av samfunnsinstitusjonar og dominans via lovverket. Det er nok at kyrkja, som andre, får gjere sitt syn gjeldande på ein open og upriviligert måte. Alt for lenge har ein kjempa om dei formelle og juridiske posisjonane og forsømt den direkte påverknaden på opinionen. Krisa i dagens Noreg når det gjeld kristen tru og etikk, er fyrst og fremst tapet av kristen gehalt i folks måte å tenkje og reagere på. Det er dette som må gjenvinnast. Då er kvaliteten på vår eigne standpunkt og vår eigen integritet det viktigaste.

Det er greitt at vi må fungere i eit samfunn der den demokratiske forminga av samfunnet skjer gjennom parlamentarisme og partivesen. Men eg trur at det, også på institusjonsplanet, i dag er like fruktbart å arbeide gjennom ”undersamfunn” som kyrkjene. Fordi dei har eit verkeleg tett og sams verdigrunnlag. Og fordi dei er verkelege fellesskapar. Føresetnaden er at kyrkjene står fritt og uavhengig i høve til storsamfunnet og kan verke i det som salt og surdeig.

Kyrkja må kome over på offensiven; vere med på ”problemformuleringa”, ikkje berre defensivt og unnskyldande takle dei ballane som andre spelar ut til oss. Det innber at vi må våge å argumentere eksplisitt teologisk/religiøst.

Fordi Gud angår alt. Det at også mange truande nesten har gløymt dette og dratt seg tilbake til privatsfæren med trua, viser at vi lenge har vore i ferd med å tape tankekrigen.

Det er fullt mogeleg å snu denne utviklinga, dersom vi vil.


9 Responses to “discursus: Tankekrigen”


  1. juni 30, 2009 ved 8:18 pm

    Det er vanskelig å kommentere når alt man har å komme med er et ja og amen. Men altså, ja, og amen, både til disse tankene, og de du har om sekularisme.

  2. juni 30, 2009 ved 9:48 pm

    Takk for det! Kom gjerne med utdjupingar og supplering! og kanskje er det andre «der ute» som har tankar om dette?

    Eg drar på ferie og blir borte til 4/8., men reknar med å kunne blogge innimellom. Frå Sunnmøre.

  3. 3 wo
    juni 30, 2009 ved 10:54 pm

    Du verkar uvanleg optimistisk! Kanskje det mest er fordi du skal vestover 🙂

    Sentralstyret i Ap har ope oppmoda folka sine om å vera aktive og nominera kandidatar til bispedømeråda. Hjå oss har det no kome Ap-kandidatar som i avisa blir karakterisert som «så nær biletet av folkekyrkja du kan koma.»
    Eg vil tru desse folka vil sanka stemmer om det blir blest om kyrkjevala, men eg trur ikkje det blir meir – kristen gehalt i folks måte å tenkje og reagere på – av det.

    Men du bror Arnfinn, har vel utelukka statskyrkja som ein aktør for å nå dette målet for lenge sidan?

    Nokon som veit korleis har Ap har gjort seg gjeldande på bispedømerådslistene andre stader i landet?

  4. juli 1, 2009 ved 9:38 am

    Nei, hva kan man elgge til?

    Jeg tenker at disse to postene, sammen med tidligere tanker fra deg Haralds blogg om statskirke, og ønsket om å påvirke, og også aksept av uenighet i moral og slike ting fra kirka sin side.

    Disse tingene henger veldig sammen for meg, og er vel også svært nært mitt eget syn på kirke og samfunn. Og i mitt hode er det så «selvfølgelig» at det er rart at det for mange er så fremmede tanker.

    Jeg tror at i det vi går i oss sjøl, og søker Gud, så blir vi forvandlet. Jeg tror at i det vi som menigheter, forsamlinger, kirkesamfunn gjør dette, så blir vi forvandlet. Og det er fra denne forvandlingen vi har noe å gi som eksempel. Og at vår stemme vil bli hørt i det vi har latt oss forvandle. Det har man sett gang på gang opp gjennom historien.

    Men fordi vi på mange måter er litt i en bakevje nå, så må vi vendte tilbake til utgangspunktet (slik man alltid må): Søk først Guds rike, så skal du få alt det andre i tillegg. Det andre vil komme natrulig som et svar på dette. Engasjement, samfunnsdeltagelse må springe ut av dette.

    Vi er forpliktet til å forsøke å nå idealene på egne vegne, vi må holde de i hevd for oss sjøl, men det er ikke vår oppgave å presse de på andre. Det må være eksempelets makt som er forkynnelsen, ikke et krav om at andre skal klare det vi sjøl hverken klarer eller forsøker så hardt å oppnå.

    Ga dette mening i forhold til disse postene for andre enn meg?

  5. juli 1, 2009 ved 8:45 pm

    W: Eg er då alltid optimistisk? 🙂 I tydinga: Det er alltid mogeleg å ta fatt i ein situasjon, å sjå det som triggar i det som er vanskeleg. For å vere optimist, må du også våge å vere sannfedig og kritisk. Difor syns eg det er mange tradde måtar å tenkje samfunn og samfunnsendring på som er litt utdaterte. For meg er det viktig å tenkje meir utfrå kyrkja/kyrkjene/kyrkjelydane/fellesskapane enn utfrå staten et co. Dette er ein ny situasjon – som både viser at kristne «verdiar» ikkje lenger er konvensjonelle i Noreg, men nettopp difor også viser at det kan opnast opp for noko nytt.

    Eg har ikkje utelukka statskyrkja, men trur meir på grunnplanet enn på toppen. I grunnen er det opp til statskyrkjefolket sjølve å vise om ein vil vere kyrkje eller berre religionsvesen og lakeiar for Giske. What are you up to?

    Beate: Svært samd i det du seier. Gje slepp på gamle forventingar til «dei andre»; dei må få sleppe å vere kristne viss dei ikkje vil. Lat kyrkja og truande menneske leve ut si tru på alle frontar. Med mot til å vere sakleg kritisk i samfunnsdebatten, og med glede nok til å vere ein offensiv og samfunnsinteressert minoritet.

  6. juli 1, 2009 ved 8:53 pm

    W igjen: Heile denne pågåande «demokrati»greia i DNK er ein farse, spør du meg. Teologisk er det heilt ute at folk som ikkje er rimeleg praktiserande kyrkjekristne, skal røyste i kyrkjelege val. Før var alltid soknerådsval og soknemøte lagde til sundagens gudsteneste. Det låg det ein klår tanke bak.

    Difor er det også farse om lokale politikarar – av kva parti som helst – skal mobiliserast inn i det kyrkjeleg arbeidet utan ein kyrkjeleg praksis (Les: nattverddeltaking), i alle fall som ei brei mobilisering.

    Dette blir berget som føder ei mus. Til.

    DNK treng ikkje fleire rådsmedlemer, men fleire truande.

  7. juli 1, 2009 ved 9:36 pm

    «Dette er ein ny situasjon – som både viser at kristne “verdiar” ikkje lenger er konvensjonelle i Noreg, men nettopp difor også viser at det kan opnast opp for noko nytt.»

    JEg tenker vel og at når «samfunnet» tar avstand fra «kristent» så er det ofte fordi det er blitt til form uten innhold. Og også at det som er en kritikk mot kirka er en sunn kritikk, fordi man reagerer på at noe er falskt/mangler/er tomt (legg til det som måtte passe).

  8. juli 2, 2009 ved 8:59 pm

    Enig, men det rare er at folk ofte støttar formene utan innhald og blir sure viss kyrkja vil ta med innhaldet også, utan at det skal vere fullstendig uttynna. Over tid vil dei fleste respektere kyrkja dersom ho vågar å stå for noko.

  9. 9 Ståle
    juli 4, 2009 ved 6:22 pm

    Veldig enig i at «demokratireformen» i DNK er en farse. En nedverdigende sådan. Kutt ut det byråkratiske pjattet og la kirken være kirke! Men denne farsen er bare en del av et større samfunnsproblem i Norden: Den sosialdemokratiske statens instrumentalisering av organisasjonslivet. Her er politikernes behandling av landets største organisasjon (DNK), bare er et typisk symptom på en generell tendens til statlig instrumentalisering av kulturen og og hele den sivile sektor. Jeg vil påstå at dette utgjør en av de største truslene mot demokratiet i Norge i dag.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: