”Då var Abigal snar i vendinga. Ho tok to hundre brød, to hiter med vin, fem saueskrottar…” (v 18)
Her er vi langt frå Ibsens ”Dukkehjem”. Abigal er ikkje Nora som må sitje inn og hekle heile tida. Ho er ”vitug og ven kvinne” (25, 3) og tydelegvis svært sjølvstendig og handlekraftig med eit stort hushald som ho rår over. Med ei stor gåve går ho David og mennene hans i møte, og ho maktar til og med å få Davids råe hemnlyst stagga og sparer han frå å spille blod av uskuldige.
Denne rådsnare, handlande og vettuge kvinna seier mykje om det gamaltestamentlege kvinneidealet. Guds jordnære tenarinner.
0 Svar to “Officium: Fredag, 12. vike i det allmenne året, 1 Sam 25, 14-44 (matutin)”