” ’Eg greier ikkje å gå med dette på meg,’ sa han til Saul; ’eg er ikkje van med det” (v 39)
David ville ikkje ha den brynja Saul gav han då han skulle gå Goliat i møte. David var yngstemann, som Oskeladden, lett og snarådig, audmjuk og sjølvmedviten på same tid. Dette gav han den sjarmen som ofte finst hjå dei som er viljesterke, men ikkje sjølvhøgtidlege; ”David var berre ungguten, raudleitt og ven å sjå til” (v 42).
Gjetarkroppen, slyngja og steinane frå elvefaret saman med tillit til Gud og iver for trua – dette var det som felte Goliat.
Igjen: Kva om vi satsa litt meir på den lette styrken, den som let Gud sjølv sleppe til?
0 Svar to “officium: Måndag, 12. vike i det allmenne året, 1 Sam 17 (matutin)”