13
Jun
09

carpe diem: Lillehammer

Lova vere Jesus Kristus, i all æva! Amen (Laudetur Iesus Christus, in æternum! Amen). Den gamle, katolske helsinga får stå fyrst i dag. Sidan torsdag har eg vore her på Lillehammer, i den katolske kyrkjelyden for å forkynne og undervise, saman med sr Anne Bente Hadland o.p. (frå Sta Katharinahjemmet i Oslo), og eg er innlosjert hos den katolske soknepresten her, pastor Pål Bratbak. Vêret er grått men Mjøslandskapet er fint, likevel – og det er fint møtevêr.

Opplegget er ein del av Oslo Katolske Bispedømes evangeliseringsaksjon «Gå og fortell!» som har pågått eit par år. Ein forkynningsmisjon som vitjar som mange av kyrkjelydane som mogeleg. I fyrste omgang for på styrke den indre opplæringa og utrustinga for vaksne truande.

Kvar dag startar teamet med felles morgonbøn (Laudes) og rådslagning, så er det førbuingar og fritid. Om ettermiddagen er det bibelføredrag, samtale og skriftemål. Så messe med forbøn for sjuke og høve til å motta Sjukesalvings-sakramentet, i ramma av messa. Til sist er det eit enkelt måltid. Sundagen er det fullt hus med ei stor utsendingsmesse; vi er alle kalla, ved dåpen og konfirmasjonen til å vere apostlar. Alle messer sluttar jo med utsendingsorda: -Messa er til ende – frå det latinske Ite, missa est,som like godt kan omsetjast: -De er utsende! Gå i fred!

Fint å vere her. Tilbake i Oslo sundag kveld.


11 Responses to “carpe diem: Lillehammer”


  1. 1 w
    juni 13, 2009 ved 10:22 am

    I fyrste omgang for på styrke den indre opplæringa og utrustinga for vaksne truande.

    Ja, opplæring er viktig også for vaksne. Det skulle Den norske kyrkja og ha kome på. Obligatorisk dåpsskule for foreldre som vil døypa ungane sine, er mitt forslag. Kva trur du om det?

    Kvifor er soknepresten pastor og ikkje pater?

  2. juni 13, 2009 ved 12:31 pm

    Obligarorisk dåpsskule ville vere flott. Eg argumenterte for det då eg var i DNK, men det var ikkje råd å¨få gehør for, dessverre.

    Ein katolsk sokneprest/prest som ikkje tilhøyrer ein orden/eit kloster, blir kalla pastor. Berre ordensprestar (dominikanarar, fransiskanarar, benediktinarar, jesuittar etc) vert kalla pater. Ein ikkje-ordensprest er blir er ein «sekularprest» – ein prest som har privat økonomi og er basert i det vanlege samfunnet, direkte underlagt biskopen.

  3. 3 Kjell Håkestad
    juni 14, 2009 ved 6:53 pm

    Forslaget om obligatorisk dåpsskole ville være et flott tiltak, men som vi så mange ganger ser, er dessverre DNK litt for veik til å våge et slikt tiltak. Jeg ser det hver gang det er dåp, eller som nå. konfirmasjon, at de tilstedeværende er veldig fremmedgjorte overfor gudstjenestens innhold, og for ikke å snakke om salmer. Det er knapt nok hørbar sang i slike sammenhenger. Jeg tror mange føler seg ille til mote når man har så liten kunnskap.

  4. juni 14, 2009 ved 9:42 pm

    I DNK argumenterte eg sterkt for obligatorisk dåpsundervising, både for borna og foreldra. Men møtte veggen på det(òg). Det «folkekyrkjelege» er endå meir fokusert no (proporsjonalt med at den reelle, folkelege oppslutninga minkar…), så, sant å seie, trur eg det er køyrt.

  5. 5 w
    juni 14, 2009 ved 10:19 pm

    Men nettopp derfor må me gjera noko. Nå. Kan det ikkje berre vera at du har vore føre di tid, bror Arnfinn?

    Korleis ser det ut hjå deg, Håkestad, kor mange av dei døypte 6-åringane møter til dåpsskule? Kor mange av dei døypte konfirmerer seg?
    Etter dåpsopplæringsplanen skal ungane ha 315 timar, 0-18 år. Men då må dei møta. Viss ikkje er planen lite verd. Når dei ikkje møter, er det foreldra som ikkje har forstått kva det inneber å døypa ungane. Det bør kyrkja kjenna ansvar for. Altså, obligatorisk dåpsskule. Poenget er at det er dei som elles ikkje vil koma, det er viktig å få tak i.

    Dine argument om å kjenna seg framande i gudstenestene, må jo telja ganske sterkt.

  6. 6 Herman
    juni 15, 2009 ved 4:15 am

    Hva med å bygge ned det protestantiske og bygge opp det katolske i stedet? Da går det bedre, tror nå jeg!

    Hilsen

  7. juni 15, 2009 ved 6:25 am

    Samd med deg, Herman; men det er ikkje alle som er der, og då får dei gjere så godt dei kan der dei er.

  8. 8 Kjell Håkestad
    juni 15, 2009 ved 7:29 am

    Jeg jobber som kantor i Lardal i Vestfold og har i to år hatt ansvaret for konfirmantundervisningen(på grunn av presteskifte). Konfirmantprosenten var faktisk 96. Det er jo fantastisk. Noe av min intensjon var å se om det var mulig å få dem til å få en åndelig bevissthet, men der tror jeg ikke vi lyktes. Når konfirmanttiden er over, er det på en måte også farvel til kirken. Jeg tror absolutt katolikkene har noe vi mangler, for eksempel en ganske enhetlig messe. Hos oss slippes jo nå alt løs ved den nye liturgirevisjonen, noe jeg tror er et kjempefeilsteg. Som en har sagt det: Når en leder ikke vet hva han vil, omorganiserer han!

  9. juni 15, 2009 ved 7:41 am

    Det er den vanlege oppskrifta for alle som er på defensiven og ikkje har heilt tru på sitt eige: Du slår av for å halde på kundane. Eg meiner både konfirmantar og folk elles må ansvarlegggjerast i høve til kyrkje og kristendom. Ein må jo ikkje for einkvar pris vere kristen og med i kyrkja.

  10. 10 w
    juni 15, 2009 ved 7:48 am

    Ja, samd med deg i liturgireformen.

    Eg trur og mange katolikkar i gamle katolske land meir og mindre forlet kyrkja etter konfirmasjonen, opp gjennom ungdomsåra. Stemmer ikkje det, Arnfinn?

    Men endå meir interessant enn kor mange som konfirmerer seg, er talet på dei som kjem til søndagsskule og dåpsskule. Korleis ser det ut hjå dykk?

  11. juni 18, 2009 ved 9:09 pm

    W: Sorry for seint svar her! Men det stemmer at ein har det same problemet også i dei tradde katolske landa. Likevel er det nok endå langt fleire som sluttar opp om kyrkja og messeferinga enn i dei protestantiske landa. Det finst (skrantande) katolske folkekyrkjer – men ingen katolsk «folkekyrkje-ideologi».

    Uansett: Dåp og konfirmasjon blir i framtida for dei som verkeleg vil.

    I den katolske kyrkja i Noreg er det vanlegvis obligatorisk katekese (religionspplæring/kristendomskunnskap) for borna på laurdagar. Jamt god oppslutning (særeleg med tanke på lange avstandar for svært mange) med friviljuge lærarar. Sjekk t d St Svithun, Stavanger.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: