07
Mai
09

carpe diem: Sunnmøre og sørover

Så var preikaren på farten igjen. I går for eg med tog oppgjennom Gudbrandsdalen – alltid like kongeleg vakker, og særleg no med vårgrøne lier – ned Romsdalen og så med buss ut langs fjordane til Ålesund. Vesper og messe i Vår Frue kyrkje ved Nørvasundet i går kveld, og i dag til Brattvåg i Haram. Kyrkja der eg i si tid blei døypt, Hildre kyrkje i Haram, feirar 75-årsjubuleum. I kveld er det føredrag: » «Gjev det vidare» – om å formidle evangeliet i vårt samfunn». Tidleg i morgon drar eg til Bergen og skal også der halde føredrag. Meir om det. Måndag er eg, om Gud vil, tilbake i Oslo.

Her i nordvetst er det friskt bygevêr, skiftande med sol og små skurar. Hildrekyrkja ligg på eit nes ut mot fjorden melom øyane og havet. Her står det rett på. Skal ta meg ein tur ut på odden og lufte hårrota! Ein bloggkommentar (nota bene) om ståheien kring Fritt Ord-prisen er i kjømda….

På gjenblogg!


7 Responses to “carpe diem: Sunnmøre og sørover”


  1. 1 opra
    mai 7, 2009 ved 1:55 pm

    Gleder meg til den, god tur vidre

  2. 2 Svein Langvad
    mai 7, 2009 ved 4:01 pm

    Jeg blir rent misunnelig av all din reising. Men jeg skal til Longva Kristi Himmelfartsdag!

  3. 3 Bjørg Fossheim
    mai 7, 2009 ved 10:30 pm

    Eit ynskje frå oss som måtte vere på jobb og ikkje fekk høyre føredraget: Gjev det vidare..,
    kan du skrive det her på bloggen?

  4. 4 Hege Steinsland
    mai 9, 2009 ved 3:47 pm

    Vil takke for ein god kveld på Hildre. Eg hadde forventingar om at du skulle seie noko nytt. Men du sa ingenting nytt, berre hjalp oss å fokusere på det som aldri går ut på dato. Det var ei ro over kvelden, men samstundes eit engasjement som var forfriskande. Folk var ikkje likesæle og det kjentes heilt greit å være usamde. Kom gjerne attende til Haram, Arnfinn. Vi treng fleire slike kveldar.

  5. 5 Herman
    mai 9, 2009 ved 4:21 pm

    God tur videre! Jeg skal ikke være misunnelig.

    Hilsen Herman

  6. 6 Olav Kleppa
    mai 9, 2009 ved 7:10 pm

    Takk for sist!(Eiane i Jøsenfjorden)
    Du preikar klårt og tydeleg der du ferdast.
    Pakkar ikkje bodskapen din «i bomull»og svarar
    på ein vis måte i diiskusjonane etter «Preika»
    du har framførd.Ja,eg meiner du er ein ekte god
    Kristi disippel.Du reiser rundt og forkynner
    Evangeliet i samsvar med kva Kyrkja har vore tufta
    på i2000 år fram til i dag.Bodskapen er den same
    som vart gjeve Apostlane frå Jesus sjølv!
    Må Guds signing vera med deg vidare. Helsing Olav

  7. mai 10, 2009 ved 3:57 pm

    Takk for helsingar! Eg er no i Bergen der eg også har halde føredrag. Skal prøve å få lagt ut på bloggen dei to føredragsmanuskripta frå denne reisa.

    Sjølvsagt kjem eg gjerne tilbake til Haram; om Gud vil alt no i sommar, i juli – men då berre for å re-kreere meg sjølv!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: