Arkiv for april 2009



06
Apr
09

officium: Måndag, Den stille vika, Hebr 10, 19-38 (matutin)

”Kast ikkje bort frimodet dykkar! Det gjev stor løn” (v 35)

Hebrearbrevet er ikkje eit teoretisk læreskrift. Det er ”parenetisk”, oppmuntrande; ei formaning om å stå fast i tru og von og å motstå freistinga til fråfall frå Kristus og hans frelsesverk. Lesarane – eller høyrarane – skal halde fast på at Jesus kom for å fullkomengjere og oppfylle den frelsa som var førebudd i ”den gamle pakta” og hennar ordningar.

Jesus er både prest og konge; han har verkeleg overvunne dei fiendtlege maktene. Synda, døden og demonen – dette forblir menneska sine djupaste traumer. Den som har kome til rette med desse kreftene, kan leve oppreist, kan gjennomgå prøvingar, motstand og liding.

Å forstå verda utan å sjå henne i ljos av ”den levande Gud” som skapar og domar (v 31),   er umogeleg. Å leve oppreist, er å feste augo på han som synda, døden og demonen ikkje kan knekke: ”Trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus” (12,2).

04
Apr
09

officium: Laurdag, 5. vike i Faste, Hebr 8 (matutin)

”Difor må Kristus òg ha noko å bera fram” (v 3)

Fordi ”kvar øvsteprest der innsett til å bera fram gåver og offer” (v 3). Kva ber han fram? Han ”han bore seg fram som eit lytelaust offer for Gud” (9,14). Dette evige offeret held han alltid fram for Faderen, i ei stadig påminning; han stig no ”fram for Guds åsyn for vår skuld” (9,24). I feiringa av evkaristien, den heilage messa, stig vi inn i Jesu evige forbøn for oss. Messa er ei stor forbøn. Dit skal vi ta med alt og alle vi vil be for.

Bøn om velsigning, bøn om frelse – alt har plass i messa som sameinar oss med Jesu øvsteprestelege bøn i himmelen. Vi er ofte veike. Hans offerbøn er sterk, han ber oss fram. Heilt fram

03
Apr
09

nota bene: «Klassekampen», venstresida og «verdiane»

Klassekampen er ein mangslungen avis. Det kan sprike litt, men det er prisen ein må betale for eit verkeleg mangfald og for ei romsleg redigering. Også når det gjeld stoff om religion og tru

Dette asvpeglar ei raus haldning i redaksjonen, trur eg. Avisen har nok ein strategi og eit aktivt siktemål, der er ei hand på rattet. Men ho røpar ei open, seriøs og utprøvande interesse for religion og religionspolitiske spørsmål.

Seinast dei siste dagane har vi sett døme på dette, som tysdag 31. Mars. Redaktør Braanen skriv leiar – med overskrift: ’Religion’ – og tek avstand frå ekstrem-ateistar som Christopher Hitchens og andre som ser religionen som det største og verste vondet i verda og som opphav til alt som er vondt. Dette, meiner Braanen, overvurderer religionen som årsak til sosiale og humane problem og tek fokus vekk frå andre politiske faktorar.

Braanen lanserer ein meir moderat ateist, Julian Baggini, som ”vil kommunisere med tenkende, intelligente troende” – m a for å kunne isolere ekstremistar.

Eg trur at Braanen skriv dette utfrå ein personleg innsikt om at religion ikkje er noko pr definisjon negativt og at det er trong for å sprenge den religions-hysteriske diskursen som for tida rir oss som ein mare. Fint ville det vere om fleire skjøna at det også finst ateistiske og sekularistiske ekstremistar. Det ville òg vere ei stor betring av det kulturelle klimaet om både truande og ikkje-truande førutset at det finst intelligente og reflekterte folk av båe slag.

Klassekampen spelar her ei modig pionérrolle i norsk samanheng.

I same lei peikar redaktørens ’Fokus’-kommentar, same dagen. Braanen går i rette med Magnus Marsdal og hans FrPkode-knekkjing. Det kan sjå ut som om Marsdal vil at den politiske venstresida bør konsentrere seg om økonomi og tradisjonelle klassespørsmål og overlate ”verdispørsmåla” til den andre sida. For det kan synast som arbeidarklassen er etisk konservativ og ikkje så raskt sluttar opp om dei kulturradikale parolane.

Det er nok rett at grunnplanet ikkje er så sprelske kultur-radddisar som eliten og leiarskapen. Venstresida bør absolutt ta opp etiske, estetiske og kulturelle saker på fleire nivå mellom sine sympatisørar og veljarar. Men i såfall vil eg markere: Ein må våge å fasthalde kritikken av den populistiske framand-fiendskapen, ikkje minst islamofobien. Og ein må våge å konfrontere norske godtfolks materialistiske livsstil.

Sant: FrP skal ikkje ha monopol på folkelege ”verdispørsmål”. Men partiet skal heller ikkje ha einerett på å definere kva som er verkeleg verdiar. Kvar vart det av KrF som ”folkeparti”, forresten?

Men takk til Braanen som vågar å ta opp temaet i ”venstresidas dagsavis”!

03
Apr
09

officium: Fredag, 5. vike i Faste, Hebr 7, 11-28 (matutin)

”For offeret bar han fram éin gong for alle då han ofra seg sjølv” (v 27)

Dei gamaltestamentlege ofringane og alle blodige ofringar har hatt si tid. Dei svara på ei djup kjensle i mennesket av at noko må gjerast opp, noko må sonast. Slik vart også ofringane påbodne og tilrettelagde i Moselova. Som påminningar om det endegyldige offeret: Guds eige offer av seg sjølv i Kristus; i vår stad, for vår skuld.

Den nye pakta er tida for takkofferet, for evkaristien. Men nettopp gjennom takkseiinga vert Guds store gjerningar i historia gjort nærverande. Nettopp fordi Jesu offer er eit evig offer, kan det gjerast gjeldande i ”anamnesen”, den stadige liturgiske og sakramentale ”ihugkomninga”.

Kyrkja feirar Jesu offer i messa, slik han baud då han sa: ”Gjer dette!” – og ”forkynner…Herrens død til dess han kjem” (1 Kor 11,26).

02
Apr
09

nota bene: «A very African Message»

Det elles nokså pavekritiske, høgst offisielle, britiske, katolske magasinet The Tablet har på leiarplass den overskrifta som lyser over teksten her (28.mars-09). Benedikts fyrste offisielle Afrika-vitjing var ein tvillaus suksses, konstaterer bladet. Kvaliteten på talane, møtet med dei entusiastiske massane – alt blåste bort skyene som samla seg den fyrste dagen, då han på veg ut av flyet svara spontant på journalistane sine evindlege kondomspørsmål.

Berre i Luanda, den angolske hovudstaden, var det over ein million tilstades på utandørs-messa han feira der. På ulike møte og samlingar tala han –sytten talar – om kampen mot fattigdom, stammekonfliktar og korrupsjon, om kvinnene sin sentrale plass i verdiformidlinga i famile og samfunn, om å hevde Jesu Kristi makt mot okkultisme og trolldom. Til store skarer av ungdomar gav han utfordringa om å våge livslange engasjement, det vere seg i ekteskap ellelr kyrkjeleg teneste.

Og kondomane? Det verkar som om både norske og utlandske media trur paven er skpetiske til kondomane fordi dei ikkje er ”tette” nok og difor upålitande. Poenget er sjølvsagt at den einsidige tilliten til prevensjonsmidlar går utanom det som på sikt er den eigentlege løysinga på HIV- Aids-epidemien: Ei ansvarleg forvalting av den menneskelege seksualiteten. Kondomet er sjølve symbolet på at den vestlege seksualetikken er gjennomførleg og uproblematisk. Den seksuelle frigjeringa – det er Vestens eigentlege fridoms-prosjekt, det store prestisjeprosjektet. Det er universelt og må sjølsagt ikkje vise seg å svikte i den fattige delen av verda. Her står det mykje på spel; difor det oppheita hysteriet rundt denne greia.

Faktum er at i kampen mot epidemien og i omsorga for dei som er råka, står den katolske kyrkja heilt fremst, også i Afrika, gjennom institusjonar og helsearbeid. ”På verdensbasis pleies 25 prosent av alle hiv- og aidssmittede ved katolske helseinstitusjoner, i enkelte afrikanske land over 50 prosent” (Pål Brattbakk, Den kat. Krk.s Info-teneste; dagens Vårt Land, s 24). Skulle ikkje undre meg om han har rett.

Paven får også støtte frå den russisk-ortodokse kyrkja: ”The spread of HIV could be lessened not by contraceptives but by education and a lifestyle that was not ’sinful, aimless and senseless” – igjen i fylgje The Tablet som siterer ein talsmann for Moskva-patriarkatet (departementet for eksterne kyrkjelege relasjonar).

Interessant er likeeins (uventa?) støtte frå The Aids Prevention Research Project ved Harvard Center for Population ansd Developement Studies (direktøren/antropologen Edward C. Green: ”The best evidence we have supports the Pope’s comments… There is a consistent association shown by our best studies between greater availability and use of condoms and higher (not lower) HIV-infection rates” The Tablet siterer eit intervju med Green i den amerikanske avisa National Review og legg til at det , i fylgje Green, handlar om ”risk compensation”. Dei som brukar risiko-kompensasjon, som kondomar, tek ofte større sjansar.

For denne bloggredaktøren er det ikkje mogeleg å ta vitskapleg stilling til desse synspunkta; men dei fortener og bli presenterte i den norske, einsidige settingen.

På stadig fleire måtar er Afrika eit viktigare katolsk kontinent enn Europa og Nord-Amerika.

02
Apr
09

officium: Torsdag, 5. vike i Faste, Hebr 7, 1-10 (matutin)

”Denne Melkisedek var konge i Salem og prest for Den høgste Gud” (v 1)

Melkisedek står for fortattaren av Hebrearbrevet som eit underfullt førebilete, ein teikn-figur, ein ’typos’, på Kristus. Melkisedek er både konge og prest. Så er og Kristus. Han utøver og verkeleggjer Guds herrevelde i verda og overvinn dei destruktive maktene i tilveret. Han formidlar Guds nåde til oss, han sonar syndene på våre vegner og han ber vårt liv, vår bøn og vårt takkoffer fram for Faderen.

Som konge verkar han både i si løynde styring av verda og i gjennom den apostoliske forkynninga åt kyrkja. Han har fått ”all makt i himmelen og på jorda”; og han seier: ”Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar” (Matt 28, 18-20).

Vi greier kanskje å sjå Jesus i hans tenarskapnad. Men ser vi han i hans kongelege og prestelege skrud?

Slik er han no ( Op 1, 12ff). Slik skal han kome til syne når denne tidsalderen er ute.

01
Apr
09

officium: Onsdag, 5. vike i Faste, Hebr 6, 9-20 (matutin)

”Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innom forhenget i heilagdomen..” (v 19)

Hebrearbrevet forankrar frelsa, trua og vona i det evige, i den himmelske, usynlege verda. Her møtest bibelsk tanke med den greske: det evige og usynlege er det sikre og verkelege. Jesus levde og utførte sitt frelsesverk i historia – men ved si oppstode gjekk han inn i det himmelske templet og lyfte frelsa inn i æva. Difor kan ho alltid gjerast gjeldande for oss; fordi han ”alltid lever og går i forbøn for [oss]” (7,25).

Det synlege og timelege skifter. Vi er sjølv omskiftande skapningar. Alt kan ”rikkast”, men ved trua har vi fått del i ”eit rike som ikkje kan rikkast” (12,28). Grunnen skjelv ofte under meg, kropp og sjel er så skjøre, bylgjene bryt over livet mitt. Men han eg trur på, er grunnvollen for alt som er. Livet mitt er fest i den yttarste røyndomen.

Himmel og jord skal brenne/høyder og berg forsvinne;/ men den som tror, skal finne:/Løftene svikter ei!” (Levi Petrus)




kategoriar