Å kjelde av stille gråt
der inne
kva kan eg gjere
for å trøyste deg?
vogge deg vil eg
varleg, varleg
berre denne rørsla
til og frå
så du kjenner
at livet er mjukt
du fell aldri ut av det
du blir
i ein venleg tanke
som blir
hjå deg
alltid
kjenner du det ikkje?
smilen over deg
er større
enn sorga
inni deg
Gråten sovnar til sist
smilen vaker
alltid
når du vaknar
skal du sjå det
og gløyme alt anna
vogge deg vil eg
varleg,varleg
berre denne rørsla
til og fra
Så enkelt,så vakkert
Takk
Takk for dette vare diktet om dei djupaste ting, dei det nesten ikkje er ord for!
Tusen takk for eit vakkert dikt som sa så mykje!
– – – Og takk til deg, for denne vakre voggesang!
Det var nesten så jeg fikk lyst til å trenge litt trøst… -eller finne noen å trøste?
Se ordene forme seg som en dyne omkring sorgen,varme tett inntil, og la lettelsen sige innpå. Jo, dette diktet rører ved det innerste i oss alle, og jeg håper du lar en musiker hente fram tone og melodi, slik at mange fler kan trøstes av dine ord!
Og gratulerer, -du har greid å bløtgjøre en gammel hedning i hans innvikla, fastgrodde sjelsliv.
-Voggesanger hadde jeg jo helt glemt!
Voggesongar er viktige. Gud vart vogga i Marias vogge, i krubba i stallen, «ur-vogga».
Sterkt…
Stor takk!
Eg hadde ikkje vore innom bloggen din på ei stund, og fekk plutseleg dette inderleg vakre diktet vidaresendt frå Anne Marit. Så heldig eg var! Voggesongen din er metta av djupner og har venger som både trøystar mjukt og løfter opp. Merci, frère Arnfinn, pour ce que tu nos donnes…
Merci à vous, aussi!