29
Apr
09

officium: Tysdag, 3. vike i Påsketida, Op 8 (matutin)

”Og eg såg dei sju englane som står for Guds åsyn, og det vart gjeve dei sju basunar” (v 2).

Englane er Guds bodberarar og tenarar og dei set hans vilje i verk. Basunane gjev varseltonen: No grip Gud inn, no er det alvor! Sju englar, sju basunar, det heilage talet som syner at vi har å gjere med fullendinga av Guds plan med verda.

I fullendinga si tid, i endetida, vil katastrofar gå over verda. Konfrontasjonen mellom verda og Gud er ikkje til å unngå. Openberringsboka handlar om den universelle frelsa, men varslar tydeleg at det fyrst vil kome kriser; at den definitive motstanden mot Gud og Rettferda vil forbli og til og med intensivere seg.

Vi skal, som truande, ikkje gå til ”heilag krig”, men be for all skapningen og rope: –Maran atah! Kom, Herre Jesus! (22,20)


1 Response to “officium: Tysdag, 3. vike i Påsketida, Op 8 (matutin)”


  1. april 29, 2009 ved 5:02 pm

    Amen, kom Herre Jesus og gjør oss beredt.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: