27
Apr
09

officium: Måndag, vike 3 i Påsketida, Op 7 (matutin)

”Dette er dei som er komne ut or den store trengsla…” (v 14)

Det er martyrane, vedkjennarane, dei Kristtrugne. Dei som har gått inn i den komande verda. Som overvann seg sjølve. Ein amerikansk studie framsteller dei skandinaviske landa og folka som dei mest vellukka i verda, samtidig som dei er dei mest sekulariserte.

Uansett kor vellukka og velordna eit samfunn og eit liv kan vere, er det ikkje den endelege målestaven. I våre samfunn er alt det hinsidige underordna, ja, nesten borte. Vi blir ”bekrefta” i det reint naturlege, dennesidige livet; det overnaturlege, heilage og evige har ingen fordringar på oss lenger.

Gud har gjeve oss alt det menneskelege og naturlege, men han vil at det skal overskridast, utvidast og forløysast. Mennesket er noko ”meir”. Det har dei teke frå oss.

For: ”Kva gangnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel?”  (Matt 16,26)


0 Responses to “officium: Måndag, vike 3 i Påsketida, Op 7 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: