”Og sjå, i himmelen stod det ein kongsstol…” (3,2)
Korleis ser det ut i himmelen? Mange stiller spørsmålet, anten det er undrande eller provoserande. Fordi ein har ei kjensle av at himmelen er noko fjernt og uverkeleg, ei slags barnsleg førestelling som vi ikkje lenger forbind noko med eller som ikkje har nokon apell til oss.
Johannes såg inni himmelen, på Patmos, på Herrens dag. Sentrum i visjonen er Gud sjølv. Han er i sentrum av alt som er. Ein kongsstol, eit brennpunkt, ei kjelde. Rundt han og framfor han er det underfulle livsvesen, flammande faklar og tilbedande presbyterar. Liv og makt bryt fram ustanseleg med eld, lyn og drønn. Like ved tronar Lammet som er slakta; sentrum i universet er det store, sonande offeret.
Midt i Verdsaltet blir det ferira ein liturgi. Venleik, rettferd, jubel, fascinasjon. Som når eit barn blir født , som når ei stor sanning blir ytra, som når eit kunstverk blir avdekt, som når eit orkester eller ein musikar slepp laus straumen av tonar. Alt strøymer ut frå Han som er å sjå til som jaspis og karneol. Kring han er det ein regboge; han er som smaragd (v 3).
Himmelen – det er å sjå Skaparen, og samstundes å sjå skaparverket med livet i all si bragd, i eitt, stort ljos.
Hei!
Du skriver så vakkert om viktige tema, til å bli litt klokere av. Følger spent med på hva du skriver videre.
Vennlig hilsen Vårinn.