Eit par, tre dagar i Bergen og omegn. I Strusshamn kyrkje på Askøy var det kyrkjelydskveld om det kontemplative livet sin plass i kyrkja. Det er ikkje noko hokuspokus eller simsalabim eller ei slags forfina interesse for dei særleg åndelege. Det er å velje ”den gode luten”, som Maria i Betania, ved Jesu fot. Det er å fokusere på Gud, å ”sjå”, slik sauene ser på ein som passerer, det er å ha ”saudestiren” (for å seie det på sunnmørsk) på Gud!. Det er å ikkje gi seg når ein bed, å vere sta og pågåande som den kananeiske kvinna, det er å ”tru at [Gud] er til, og at han løner dei som søkjer han” (Hebr 11,6). Ein levande, involerande Gud for levande menneske.
Ja, dette har vore emne der eg har vore og tala i det siste,. Etter ynskje frå arrangørane. Noko rører på seg.
Mange vener frå tida i Bergens-området har eg møtt. Takk til Dom Alois (Brodersen), soknepresten i St Paul (den katolske soknekyrkja) som eg budde hos! I den ljose aprilkvelden har toget tatt meg over høgfjellet og ned i den spede, men vakre våren i Hallingdal og austlandsbygdene. Tilbake til basen. No blir eg her til den 6.mai.
Kjempekjekt med besøk av de, spesielt fint med sangstunden på skarefjellet. Blir godt for deg med enda litt mer Bergensluft i begynnelsen av juni. Vi gleder oss.
Ja, det var fint! Ser fram til neste Bergens-tur, Godwilling!