Tlbake frå preikeferd i Ryfylke. Lang togtur frå Stavanger i går, med start i grisotta. Registrerte at våre hadde kome til Sør- og Austlandet også, mens eg var vestpå. På Ryfylkeøyane var det strålande på alle måtar. Ei spesiell oppleving å merke både styrken i den lokale kristne kulturen og den opne og lyttande haldninga til det eg tala om. Kanskje er det klangbotnar i det mest sentrale i den «evangelikale» tradisjonen og den allmennkyrkjelege? Eit interessant ekumenisk dynamikk.
Emnet på Fogn var bøn, rett og slett. Bøna må både ha ein økologi, eit mønster, ein balanse, og her er kyrkja sin regula den beste: 1)Messa, 2)Tidebønene, 3) Den personlege bøna. Denne regelen bør danne ramma, men kan – og bør – tillempast ulike livssituasjonar, ettersom livet endrar seg. Bøn blir ofte hemma pga at vi har eit altfor «deistisk» gudsbilete: Gud er eit fjernt «prinsipp», tilbaketrukken frå verda, ei verd som fylgjer sine eigne lover. Så har ein slutta å be om at Gud skal gripe inn, gje «godt og lageleg vêr», høyre vår klage og utrette noko i vårt verkelege liv. Vi sensurerer bønene våre så dei blir fromme programerklæringar om kva vi eigentleg skal gjere sjølve.
Sundag var det gudsteneste og meir spøsmål og samtale under kyrkjekaffien. Fogn; ei dynamisk øy – vilje til forankring og til å skjøne at vi har nye ting å lære! Som trengs akkurat i denne tida!
No: Eit par, tre oppladingsdagar her i klosteret før eg reiser til Bergen og Askøy på onsdag ettermiddag. På gjenblogg!
Flott og gledelig å høre fra Fogn. Håper du også kan opplades av den etterlengtede våren på Østlandet.
Ikke fortell meg at du har vært på Askøy?? Bodde der fra jeg var født til jeg var 13! 😉 Stikk innom Loddefjord når du har sjans, da!
Når jeg følger bloggen din, da blir jeg overrasket hvor hvor mye du reiser. Nå kjenner ikke jeg dominikanerlivet, men er det virkelig slik at dominikanermunker reiser og reiser fra det ene stedet til det andre stort sett hele tiden? Det er i alle fall inntrykket. Uansett, det er interessant å følge med fra bloggsiden. Takk for at du tar deg tid til den.
Haha; dominikanarar reiser nok ein del, ja. Det er skilnad på kva oppgåver dei ulike brørne har, sjølsagt, og det kan skifte med med ulike periodar. Men dominikanarordenen heiter eigentleg «Preikebror-ordenen», Ordo Fratrum Prædicatorum, innstifta for nettopp å forkynne og undervise, med det kontemplative livet som base. Dei/vi er også tiggarmunkar (som fransiskanarar, karmelittar o.a.), og desse gjekk jo også ut av klostera – for å tigge og for å preike. Framleis lever vi berre av gåver, i felles kasse.
Så ein preikebror/dominikanar skal vere på farten, som forkynnar på ulike vis. Opphavleg blei vi sende ut to og to. Det apostoliske livet; som Jesus og apostlane.
Noko anna er det at «utanforståande» legg meir merke til reiser og forkynning enn til det indre livet ved basen. Men det ligg alltid til grunn og er svært regelmessig. Grunnrytmen i det har ein også med seg når ein er ute av klosteret.
«Kontempler, og gi vidare det du har kontemplert»; «contemplare, et aliis tradere contemplata» er eitt av ordenens viktigaste motto.
Det er interessant det du forteller. Men jeg ble veldig nysgjerrig på hva du mener med at du tar med klosterets grunnrytme også når du er på reise. Skal ikke spørre og grave mer om dette nå 🙂 Men jeg ble, som sagt, nysgjerrig.
Det betyr f eks at eg bed mine tidebøner og har stille tid for meg sjølv også når eg er utanfor klosteret.