18
Apr
09

carpe diem: Ryfylke III, Fogn!

Så kom eg til Fogn. Stadig er Ryfylkeøyane og fjordlandskapet rundt om her bada i sterk vårsol! Alt som veks og grønkast, skyt fart og løvetann og påskeliljer har reine kappleiken i å vere gulast.

I dag tidleg køyrde Trygve meg frå Eiane til Nesvik, der var det rett på den rappe båten, i full fart innom Hjelmeland, Ølesund, Fister, Helgøy og Judaberg før vi landa her. Det var fint med ein tenkje- og kviledag på Eiane i går. Med ettertankar etter husmøtert kvelden før. Det er gjerne ei litt uvanleg form for møteverksemd i vår tid; uformelt, ope, nær innpå kvarandre. Eg valde eitt av tre ynskte emne: ”Kristent liv som disippelliv – i vår tid”. I ei etterkristen tid som vår, med rester av gamle, kristne einskapskulturar, er det lett å berre prøve å vedlikehalde fortida. Vi treng å gjenoppdage konturane i det kristne livet – t d ved å studere det oldkyrkjelege katekumentatet og dei kyrkjelege inføringsritane det leier opp til: dåp, konfirmasjon (i katolsk, sakramental tyding) og mottaking av nattverden/evkaristien.

Då ser ein snart at dåpen primært er eit disippel-sakrament, med vaksne aktørar som det normale. At personleg forsaking av djevelen, som oppbrot frå eit ”gamalt” liv, og personleg vedkjenning av trua på Den treeinige Gud set standarden for kva det kristne livet er. Eit liv i tru, i forsaking, i kyrkja sin sakramentale, liturgiske og dikonale fellesskap.

Og dette er ikkje berre ein ”teori”, det er aktuell praksis, også i Noreg, jfr dåpen på påskenatt i St Dominukus – og i mange andre kyrkjer verda rundt. I samtalen kom det fram at vi endå er redde for å ”stillle krav” til folk. Men den redsla botnar i ei skeiv oppfatning av tilhøvet mellom kyrkja og dei menneska ho forheld seg til. Som om kyrkja skulle sjå seg som ”stor og sterk” og som den som er meir eller mindre ”nådig” mot ”allmuen”. Dette er restar frå ei tidlegare tid og vi burde legge om perspektivet: Kyrkja er der som ein likeverdig partnar og ho skal kunne gje innføring/intsruksjon for dei som ynskjer å leve trua sitt liv. Det er ikkje eit sprøsmål om moralisering, men om sakleg og skikkeleg informasjon og rettleiing. Redsla for å ”stille krav” viser at vi er redde for å misse folk. Menneske i dag treng å bli ansvarleggjorde i høve til Gud og trua. Dersom kyrkja er trygg nok og har ein realistisk oppfatning av seg sjølv, vågar ho å gjere det.


Samtalen blei ivrig! Ikkje minst gjennom slike samlingar kan den langsame mentalitetsendringa vekse fram: Frå ”storkyrkje” til ”småkyrkje”, frå nasjonalkyrkje til disippelkyrkje.


Her på Fogn, i dag, er det bøn som er temaet. I den ganske nye arbeidskyrkja på øya. Spent på å møte folket her…


2 Responses to “carpe diem: Ryfylke III, Fogn!”


  1. 1 Anna Jorunn Garvik
    april 18, 2009 ved 6:54 pm

    Takk for ei oppsummering av det du hadde for deg den kvelden på Eiane. Ei gjevande stund var det. Takk skal du ha!

  2. 2 Wenche
    april 18, 2009 ved 10:44 pm

    Den som kunne vore fleire stader på ein gong! Håpar på godt referat frå Fogn også!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: