17
Apr
09

officium: Fredag i påskeoktaven, 1 Pet 3,18 – 4,11 (matutin)

”For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk framfor Gud” (v 18)

Her har vi, i ein sum, den kristne trua på Jesu forsoningsverk. Utan dette, handlar det ikkje om kristendom. Det er dette det blir vist til i kyrkja sine bøner når ho alltid seier: ”Ved Kristus, vår Herre”, eller tilsvarande. Gjennom Kristus kjem vi til Faderen, i Anden. Og ”gjennom” Kristus inneber at han har gjort opp vår sak, betalt vår gjeld, teke skulda på seg.

Men det handlar også meir enn jus og reknestykke. Jesu forsoningsverk er dynamisk, det er bore av den ofrande, viljuge kjærleiken. Difor er det også ei kraft i livet vårt. Jesus døydde bort frå synda; sameina med han, kan vi òg leggje synda bak oss. Sjølv om ho stadig måtte kome att. Ho treng ikkje ha det siste ordet, det er ikkje nyttelaust å stå i mot.

Held vi ut, er sigeren det siste, sjølv om vi taper mange gonger undervegs.


0 Responses to “officium: Fredag i påskeoktaven, 1 Pet 3,18 – 4,11 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: