17
Apr
09

carpe diem: Ryfylke II

Ryfylke, altså! Eg er her fyrst og fremst for å halde foredrag/preike på ein kyrkjelydsdag/”stille dag” i Fogn kyrkje (DNK) på laurdag og sundag. Men sidan eg har kjentfolk litt lenger inn i fjorden, vart det ordna med ei hussamling i går kveld. 25 menneske fylte stovene; det var innleiing og samtale. Og her bur ikkje alle like rundt hjørnet, for Eiane er ein einbølt gard med langt til næraste nabo, og folk kom frå tilstøytande bygder som Erfjord og Hjelmeland; dei siste må jamvel med ferje over fjorden!

Så her er eg på Eiane, hos Ellen Lovise og Trygve Eiane/Brandal; sydvendt, med ei slak li frå skogkanten under bratte fjell og ned til fjords. Eit langt, kvitt stovehus med raude panner på taket, låve og sauefjøs og naust og sag ved sjøen. Furuskogen står tett oppover i fjellsida. Kona på garden er diakoniarbeidar i det lokale soknet, mannen er historikar, jobbar på Ryfylkemuséet på Sand og har skrive bindsterke byggdebøker. Eit par dagar i vika er han sauebonde og epledyrkar. Ein av dei som var her i går, ein fransktalande katolikk frå Kanada har gifta seg norsk og fått seg eit småbruk høgt oppe i lia lenger inne i bygdene her; han er lærar og har garden litt ”attåt”. Når det no kom trillingar og firlingar i lammetida her på Eiane, og når søya (sauemora) berre har to spener, passar det godt å ”adoptere” bort nokre av dei små kvite ullnøsta. Så han køyrde avgarde med fire nokre-dagar-gamle lam, godt innpakka, i pickup-en sin i går…

…under ein strålande stjernehimmel! For her er det klårver og i dag er det sol, 10-15 varmegrader og blikkstille fjord. Etter frukost rusla eg ned til sjøen, la ned to fjøler framfor naustet og strekte meg. Løvtannen strittar, kvitveisen lyser og strandblomane skyt seg opp mellom fjøresteinane; eit par ender glir forbi og dukkar. Fred.

Så skal eg jobbe litt, førebu meg, tenkje, skrive.. Sundag kveld er eg i messa i «St Svithun» krk i Stavanger og losjerer der til måndag; toget kl 0600 (!) til Oslo. I morgon tidleg tar eg ein kjapp båt frå Nesvik til Fogn. Sjekk kartet!


1 Response to “carpe diem: Ryfylke II”


  1. 1 Håvard Østhus
    april 18, 2009 ved 7:13 am

    Velkommen til Fogn! Me gler oss til å høyra deg i helga!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: