Rask posting frå Eiane i Jøsenfjorden (Hjelmeland kommune) her… Lang dags ferd mot vest starta med toget frå Oslo kl 0713, sørover i skya ver med seig snø i austlandske skogbotnar og nordvende lier. Men det letta og det smelta til lenger sør og vest eg kom; vassdraga i Aust-Agder skumma kraftig og frå Kristiansand og vestover blei det meir og meir sol.
Og meir og meir grøne marker, meir og meir lam frislepte sauer og lam utover markene, stadig meir yrlett grønskande bjørkeskog, seljer med dryssande kumrar og små hav av påskeliljer her og der. Jæren med havet som opna seg, solbklankt, det også. Raskt skifte til buss i Sandnes (utbyggjing til fire spor, trur eg), lett løp gjennom Stavanger og ombord i snøggbåten på Fiskepiren. Innover strauk det til Judaberg på Finnøy, byte til mindre båt og så bortom små og store øyer (Fisterøyane), innom Hjelmeland og endeleg landing på Nesvik ved innløpet til Jøsenfjorden. Der vart eg henta – og i kveld er det eit husmøte her i garden. Meir om dette og dagane som kjem, så snart eg kan. No er det samling! Kveldsola smyg seg vakkert over fjellkantane her….
Du får helse så mykje til folket på Eiane. Og syngje ein Blix-salme med dei. Alt godt!
Jeg er glad i Ryfylke – hils sauene og lammene.
Ha et godt opphold .