15
Apr
09

officium: Onsdag i påskeoktaven, 1 Pet 2,11-25 (matutin)

…matutinlesingane i påskoktaven (dei åtte dagane etter påske) er henta frå 1 Peters brev. Påska er dåpstermin framfor nokon – og 1 Peters brev er eit godt døme på urkyrkjeleg dåpskatekese…

”Lat dykkar ferd mellom heidningane vera rett og god” (v 13).

Seinare tider har lese tekstar om dei kristen sitt tilhøve til samfunnet og styremaktene (jfr Rom 13) i ljos av si eiga tid, med kristendomen som offisiell religion og dermed nærast som ideologi for statsmakta. Ein har forstått tekstane statisk og autoritært.

I røynda er dei pragmatiske. Fordi ur- og oldkyrkja hadde eit eskatologisk syn på kyrkja og det kristne livet. Kyrkja er ein minoritet, ho er ljos og salt i verda, dei truande sin borgarskap er i den himmelske civitas, byen. Dette såg ein ikkje berre ”åndeleg”, men reelt. Der ligg vår djupaste lojalitet. Men medan vi er her, midt i verda, midt i den jordiske ”byen”, må vi leve rett og diskrét; ikkje forsøme rettferdige plikter, gi akt på alt som er godt og rosverdig, be for ”byen” og for dei som styrer (1 Tim 2).

Hovudfeltet også for kyrkja sitt sosiale etos er hennar eige indre liv som eit tydeleg kjærleikens samfunn, med ein profetiske tale til verda også om sosiale spørsmål når rettferda fordrar det.

Kyrkja skal vere sansa og seriøs i sitt liv i verda. Men ho skal ikkje vere ein servil representant for den statlege makta.


0 Responses to “officium: Onsdag i påskeoktaven, 1 Pet 2,11-25 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: