14
Apr
09

discursus: Påske og dåp – ei utfordring

Påska er ikkje over; vi er i ”påskeoktaven”, den åttedagar lange ”påskedagen”, som éin, lang påskedag, som éin stor fest! Og vidare held påska fram som liturgisk årstid heilt fram till ”den femtiande dagen”, pentekoste, Pinse – som er kulminasjonen av Påska, utrenninga av Anden over Guds folk og over alt kjøt, over heile skaparverket.

Det har vore intense dagar her i klosteret og klosterkyrkja i heile den stille vika og påska. Som nemt før: Overfullt med folk. Eit høgdepunkt var dåpen under påskevigilien (påskenattsmessa). Vi ser så tydeleg at det er dette som er  normalforma fro den kristne dåpen, sjølv det reint kvantitativt har vore dåpen av born som har prega den kristne historia i den gamle, kristne verda. Når ein vaksen blir døypt, ser vi grunnrisset og meininga i sakramentet:

– Vigslinga av dåpsvatnet med omtalen av dei store dramatiske hendingane i frelseshistoria. Her er det ikkje rørande barneidyllar som er i fokus.

– Dei direkte spørsmåla om forsaking og tru, retta til dåpskandidaten. Dei lydelege og forpliktande svara, offentleg erklærte i ei stor forsamling. Ei verkeleg vedkjenning. Dåpen er å leggje av det gamle mennesket, forlate ei livsform og tre inn i ei anna. Og dåpen er eit trus-sakrament. Dåpen førutset tru og gjev tru. Legg merkje til at når katekumenen kjem og ber om dåp, blir han spurd han i fylgje det eldgamle ritualet: -Kva søkjer du i Guds kyrkje? Og svaret er: -Trua!. Når born blir døypte, er det som tilhøyrande ein kristen husstand/familie.

– Neddykkinga i vatnet som den primære, liturgiske forma. Slik jamvel borna stadig blir døypte i austkyrkja og slik dei stadig blei det til langt ut i seinmellomaldern og inn i ”nytida” også i vestkyrkja. Dessverre har vi ikkje tilrettelagt for det i mange kyrkjer i dag, men i mange nye kyrkjer gjer ein det; som i den moderne katedralen i Evry i Paris. Som i dei gamle kyrkjene frå antikken, t d i Santa Maria Maggiore (’Den store Maria-kyrkja’ i Roma). Død og oppstode med Kristus.
– Dei s k ”forklarande ritane’ er meiningsfulle: iføringa av den kvite dåpsdrakta, ”albaen”, etter dåpen (ikkje før!), mottakinga av dåpsljoset, ikkje med vekt på ljos som noko ”stemningsfullt”, men som teikn på det dei medfylgjande orda seier: at den døypte skal halde trua levande så ho eller han kan gå Kristus i møte med brennande lampar når han kjem att i sin herlegdom. Likeeins at den som døyper, rører ved øyre og munn åt den døypte og uttalar Jesu ord i evangeliet: –Effata! Lat deg opp!. Mennesket blir opnna, til tale, til komminikasjon, til bøn, til vedkjenning.

– Så ferminga/konfirmasjonen med handpåleggjing, bøn om Andens sjufaldige gåve (Jes 11) og salvinga med krisma. Vi er verkeleg ”salva”, krismerte, ”kristne”/messianske i sjølve vår identitet som truande. Når ein vaksen blir døypt utan at den lokale biskopen er tilstades, får den forrrettande presten fullmakt til å meddele konfirmasjonssakramentet. Ferminga fylgjer dåpen i vatn slik pinse fylgjer påske, kunne vi seie. Kristent liv er eit liv ’i Herren’ og ’Anden’.
– Når så messa held fram med nattverdferiringa, kan den nydøypte motta evkaristien/nattverden saman med alle dei andre. Livet i kyrkja har teke til for alvor! Dåpen og konfirmasjonen fører inn i kyrkja sin fulle fellesskap. Difor blir dåp, konfirmasjon og den fyrste nattverd nettopp kalla initiasjonssakramenta, den kristne innføringsriten.

Dette er påske. Dette er kyrkja si framtidige livsform også i vår tid og vår del av verda.


3 Responses to “discursus: Påske og dåp – ei utfordring”


  1. 1 Eiliv Andreas Larssen
    april 14, 2009 ved 9:17 pm

    Vakkert og sterkt, fremfor alt fordi det er rett. Mitt hjerte roper JA!JA! Men i mitt hjerte er det og en fortvilelse over dåpspraksisen i min egen kirke anno 2009.
    Takk for gode ord, Arnfinn!

  2. april 15, 2009 ved 4:59 pm

    Takk fordi du skrev om det store som hendte siden jeg ikke kunne være tilstede.

  3. april 17, 2009 ved 11:39 am

    Flott at du holder frem feiringen av voksendåpen som normalformen for kristen dåp selv om barnedåpen er vanligst. Det katolske ritualet for dåp av barn fastholder sammenhengen mellom dåp og tro på en veldig fin måte og bør feires slik at de ulike momentene i dåpshandlingen (mottakelse og korstegningen, forbønn med eksorsime, vigsling av dåpsvannet utenom påsketiden, dåpshandlingen, krismasalvingen, de forklarende riter og velsignelsen av dåpsbarnets foreldre) spres ut i messen og kommer klart frem slik det er foreskrevet – ellers blir ritualet for kompakt! Men både voksendåpsritualet og barnedåpsritualet utfordrer dåpspraksisen, også i Den katolske kirke. Her er det store pastorale utfordringer også hos oss. Det er et visst sprik mellom antall dåp og antall familier som deltar aktivt i Kirkens gudstjenesteliv. Har du noen tanker om veier fremover her?


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: