12
Apr
09

carpe diem: Exultet…

…gled dykk! Det er Påske! Her i klosterkyrkja har vi feira påskevigilien med Påskeljoset, med Exultet, den store påskelovsongen, med lange lesingar; frå skapinga til nyskapinga ved Kristi gjenkomst, med dåp og fornying av dåpslovanader, med nattverdfeiring og jubel.

Og ein ung mann vart døypt her! I den fullsette kyrkja svara han ja på spørsmåla om forsaking og tru; høgt og tydeleg. Han mottek dåpen,  blir ferma/konfirmert/krismert Og så: den fyrste nattverden saman med alle dei truande.
Alt dette eit lengre tids katekumenat der han måtte forlate kyrkja når nattverdliturgien tek til i messa. Liturgisk handlingar frå før ein fann opp ”den opne og inkluderande folkekyrkja”. Her må du vite kva du vil og stå for det.

Etterpå var det ein liten fest i eit rom i klosteret, for familen og nokre andre nære vener som orka å vere oppe så lenge. No er klokka 0300. Meir om dette snart…

No: Nokre timars søvn. Så held Påskedagen fram med høgmessa.

”Krisitus er oppstaden! Ja. Han er sanneleg oppstaden!”


3 Responses to “carpe diem: Exultet…”


  1. april 14, 2009 ved 10:52 am

    Ja, han har sannelig oppstått!

  2. april 14, 2009 ved 8:45 pm

    Lurte litt på dette med at katekumen tidligere måtte forlate kirka når nattverden tok til.

    Jeg har jo som ikke-katolikk flere ganger mottatt nattverd i katolske kirker. Var det feil da ?

    Lurte også litt på i hvor stor grad voksendåp i den katolske kirka knyttes opp til påskehøytida.

  3. 3 Vårinn Hokland
    april 16, 2009 ved 12:09 pm

    Hei. Jeg konverterer snart til Den katolske kirken, jeg har aldri mottatt kommunionen (nattverd) i kirka, pga. at jeg enda ikke er katolikk, men jeg går frem og blir velsignet,og det er fint. Har aldri opplevd at ikke-katolikker får kommunionen i en katolsk kirke. Gleder meg til å bli katolikk.

    Vennlig hilsen Vårinn.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: