10
Apr
09

carpe diem: Den lengste dagen

Langfredag. Overfylt ved ettermiddagens gudsteneste. Med skriftlesing (Jes 52,13 – 53,12; Hebr 4, 14-16; 5,7-9), pasjonen (Johannes), dei store forbønene, improperiane, krosshyllinga, kommunionen (utdeling av nattverdelement som var vigsla i gårdagens messe). Når presten som presiderer liturgien, saman med ein diakon eller assisterande prest kjem inn i den tomme, ribba, kyrkja, utan anna ljos enn dagsljoset, saman med to ministrantar og legg seg rett ut framfor altaret med andletet mot golvet… Bot og tilbeding.

Aller mest: Eg står nedanfor kortrappa saman med den presiderande presten, dei sterkt raude messehaklane av ull, blodraud ull, lyser når sola fell i glimtar gjennom høge vindauge; vi held den store krossen med Kristus mellom oss. Hundrevis kjem fram i rad, bøyer seg, kysser krossen, ser han som heng der utspend. Alle slags menneske, alle slags aldrar, heilt frå mora med spedbarnet født for fire dagar sidan til ei gamal kvinne som to ungdomar støttar så ho kjem til, alle slags livshistoriar og lagnader – her vert vi alle brør og systre hos han som bind oss saman. Vi er hans.

Dette er å vere prest: Halde fram krossen med Han på. Stå bakom og berre halde. I Ordet. Ved altaret. I skriftestolen. Midt i det lange toget av menneske på veg gjennom verda, gjennom historia.

Ave Crux, spes unica! Ver helsa kross, mi von, mi einaste!

All min angst og all mi liding;
du veit om det.
Med eit hjarta vart og såra
veit du om det.

Alle tankar, alt eg gjorde;
du veit om det.
Med eit hjarta gjennombora
veit du om det.

Sei til meg når allting mørknar:
”Eg veit om det,
kva som enn skal henda med deg,
veit eg om det.

Allting, allting er forsona
ved meg, i meg.
Gjev meg alt, så skal eg leva
med deg, i deg!”


1 Response to “carpe diem: Den lengste dagen”


  1. april 13, 2009 ved 11:43 am

    Utrolig vakkert dikt.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: