09
Apr
09

carpe diem: «Den natta han vart sviken…»

Klosterkyrkja er mørk. Nettopp stengd, kl 0030. Sakramentet, HERRENS nærvere, er overført frå tabernaklet (sakramenthuset) i kyrkja til sakrisitiet. Inne i kyrkja er det tomt. Alle dukar og ljos tekne ut, krusifikset på korveggen likeeins.

Heile kvelden, etter skirtorsdagsmessa med feiringa til minne om den fyrste nattverden, den fyrste messa, og med fotvaskinga, har det vore folk her for å be. Ved slutten av messa gjekk prosesjonen med sakramentet frå hovudaltaret, ned midtgangen og opp til sidealtaret med tabernaklet; Kristi lekam – hylla med røykjelsen, med blomar og ljos, elles er kyrkja mørk. Stille sit eller kneler  dei som er der ”for å vake med han”, som skuggar i natta… No er det heilt mørkt igjen:

Natt
mørk nok
for Judas
mørk nok
for kyss
som endar i galgen
for nyttige sølvpengar

sjå blodåkeren lyser alt
men raudt

mørkre
for køller og soldatar
mørkre
som let Kedron spegle
ei skjelvande stjerne
mørkre
som tetnar
kring skuldrene
dei bleike skuldrene
som ber oss

berre eit bleikt ljos
i denne natta

Både Palmesundag og i dag har det vore sprengfullt her. Ingen rare påfunn som får folk til kome; berre den tradisjonelle liturgien, tekstane, songen, forkynninga og bøna.

Verda utanfor går sin gang. Alle er ikkje på fjellet; tidlegare i dag såg eg at det er mykje folk i byen. Men det er merkeleg stille ute for å vere ei torsdagsnatt på Majorstua.

Eit Nærvere som trengjer ut gjennom kyrkjeveggene. Han er gått ut av nattverdsalen. Ut i hagen. Ut i natta. For å verte trudd eller sviken, motteken eller forkasta.


3 Responses to “carpe diem: «Den natta han vart sviken…»”


  1. 1 Anna Jorunn Garvik
    april 10, 2009 ved 9:11 am

    Dette var godt å lesa.

  2. 2 H.K LJOSLAND
    april 10, 2009 ved 9:51 am

    Takk for ord som disse:
    mørkre
    som tetnar
    kring skuldrene
    dei bleike skuldrene
    som ber oss

    ord som kjennes i hjartet

  3. 3 Camilla
    april 22, 2009 ved 7:21 pm

    Jeg skjønner at det er bare å bøye seg i støvet for slik skrivekunst!
    Men man må ikkje sjå bort fra at det trengst ein umsetjing stundom.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: