08
Apr
09

officium: Onsdag, Den stille vika, Hebr 12, 18-28 (matutin)

”De er komne til Sionfjellet, til den levande Guds by” (v 22)

Den fullkomne frelsa, Jesu evige offer; det er ikkje berre ein hinsidig røyndom, det er nærverande i kyrkja, særleg når ho er samla. Der er ”Sions by”, ”det himmelske Jerusalem”, ”høgtidsstemna”. I liturgien feirar kyrkja det aller inste og høgtse i røyndomen. Det bankande hjarta i alt er ”reinsingsblodet som talar sterkare enn Abes blod” (v 24).

I messa lyfter kyrkja opp Kristi kropp og blod, det som talar vår sak for Faderen. Sterkare enn alt som vil fordøme oss. Difor står det age av den guddomlege liturgien; der stig Gud ned, meir kraftfullt og overveldande enn på Sinai. Der har vi også einskap med ”åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga” (v 23), communio sanctorum.

Kva er messa? Guds velde og nåde, ”på jorda, såsom i himlen”.


2 Responses to “officium: Onsdag, Den stille vika, Hebr 12, 18-28 (matutin)”


  1. 1 Herman
    april 9, 2009 ved 6:02 am

    Heia! Du har fått første plass i en serie på elleve i «min påske» i Vårt Land.. Fint bilde!

    http://www.vl.no/magasin/article4249142.ece

    Gleder meg til påske i St. Dominikus.

    Hilsen Herman

  2. april 9, 2009 ved 9:49 am

    Takk skal du ha. Denne taksten fra Hebr. er en av de jeg er mest glad i.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: