07
Apr
09

officium: Tysdag, Den stille vika, Hebr 12, 1-13 (matutin)

”At de må lida, tener til å oppseda dykk” (v 7)

Oppmuntring inneber også oppmuntring til å lide – fordi det innber oppseding. Og oppseding inneber liding, slik ein såg det i antikken. Oppseding er tukt, er sjølvovervinning, er å motta instruksjon. Moderne pedagogikk har prøvd å fjerne dette og understreke det positive og lystprega ved læringa. Det har vore ei nødvending fornying; også i den bibelske forståinga er den positive motivasjonen og gleda ved å lære, viktig. Det er visdomen som oppsedar oss, og ”den som elskar han, elskar livet, og dei som søkjer han tidleg, skal fyllast med glede” (Jesu Sirak sons Visdom, 4,12).

Det inngår i vår livskjensle å sjå på endring og styring av oss sjølve som noko negativt; vi skal helst leve spontant, direkte og ureservert. Det er sant at fortrengjingar, frykt og sjølvforakt bryt ned mennesket. Men vi skal heller ikkje gløyme at det mennesket som ikkje vil tøyme seg, som ikkje vil gjennomgå endring og betring, blir eit vrengjebilete av det menneskelege, eit monster.

Indre fridom og vilje til å lære høyrer saman.


0 Responses to “officium: Tysdag, Den stille vika, Hebr 12, 1-13 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: