03
Apr
09

nota bene: «Klassekampen», venstresida og «verdiane»

Klassekampen er ein mangslungen avis. Det kan sprike litt, men det er prisen ein må betale for eit verkeleg mangfald og for ei romsleg redigering. Også når det gjeld stoff om religion og tru

Dette asvpeglar ei raus haldning i redaksjonen, trur eg. Avisen har nok ein strategi og eit aktivt siktemål, der er ei hand på rattet. Men ho røpar ei open, seriøs og utprøvande interesse for religion og religionspolitiske spørsmål.

Seinast dei siste dagane har vi sett døme på dette, som tysdag 31. Mars. Redaktør Braanen skriv leiar – med overskrift: ’Religion’ – og tek avstand frå ekstrem-ateistar som Christopher Hitchens og andre som ser religionen som det største og verste vondet i verda og som opphav til alt som er vondt. Dette, meiner Braanen, overvurderer religionen som årsak til sosiale og humane problem og tek fokus vekk frå andre politiske faktorar.

Braanen lanserer ein meir moderat ateist, Julian Baggini, som ”vil kommunisere med tenkende, intelligente troende” – m a for å kunne isolere ekstremistar.

Eg trur at Braanen skriv dette utfrå ein personleg innsikt om at religion ikkje er noko pr definisjon negativt og at det er trong for å sprenge den religions-hysteriske diskursen som for tida rir oss som ein mare. Fint ville det vere om fleire skjøna at det også finst ateistiske og sekularistiske ekstremistar. Det ville òg vere ei stor betring av det kulturelle klimaet om både truande og ikkje-truande førutset at det finst intelligente og reflekterte folk av båe slag.

Klassekampen spelar her ei modig pionérrolle i norsk samanheng.

I same lei peikar redaktørens ’Fokus’-kommentar, same dagen. Braanen går i rette med Magnus Marsdal og hans FrPkode-knekkjing. Det kan sjå ut som om Marsdal vil at den politiske venstresida bør konsentrere seg om økonomi og tradisjonelle klassespørsmål og overlate ”verdispørsmåla” til den andre sida. For det kan synast som arbeidarklassen er etisk konservativ og ikkje så raskt sluttar opp om dei kulturradikale parolane.

Det er nok rett at grunnplanet ikkje er så sprelske kultur-radddisar som eliten og leiarskapen. Venstresida bør absolutt ta opp etiske, estetiske og kulturelle saker på fleire nivå mellom sine sympatisørar og veljarar. Men i såfall vil eg markere: Ein må våge å fasthalde kritikken av den populistiske framand-fiendskapen, ikkje minst islamofobien. Og ein må våge å konfrontere norske godtfolks materialistiske livsstil.

Sant: FrP skal ikkje ha monopol på folkelege ”verdispørsmål”. Men partiet skal heller ikkje ha einerett på å definere kva som er verkeleg verdiar. Kvar vart det av KrF som ”folkeparti”, forresten?

Men takk til Braanen som vågar å ta opp temaet i ”venstresidas dagsavis”!


2 Responses to “nota bene: «Klassekampen», venstresida og «verdiane»”


  1. 1 Andreas S
    april 4, 2009 ved 11:13 am

    Alf van der Hagen er inne på noe av det samme i Morgenbladet, selv om han kanskje ikke går like langt som Braanen: «Vi har nok slitt med det Henning Hagerup i Vinduet kalte en særnorsk kulturradikal tradisjon: «som har sett på hvert eneste metafysiske uttrykk som reaksjonært».»

  2. april 4, 2009 ved 8:50 pm

    Har sett leiarartikkeln i MB. Bra, men redaktøren må fyrst ha eit avsnitt med det vanlege kritikk-litaniet om kor skummel religionen er/kan vere. Seff! Religion har vore misbrukt, men kvifor så spesiell merksemd på religionen; av typen: fint, men veldig risky greie? Kvifor ikkje like påpasseleg med andre menneskelege, kulturelle og samfunnsmessige fenomen?

    Den «kloke» åtvaringa mot «religionens fårer» er blitt det eg kallar ein kulturell klisjé.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: