28
Mar
09

nota bene: Liberalismar

fyrst publisert i  spalten «Signert» i Klassekampen, i dag…

Finanskrisa er eit stadig meir øyredøvande faktum. Ikkje minst venstreorienterte kommentatorar  held fram at  krisa også er ideologisk; det handlar om samanbrotet av den lenge lovpriste marknadsliberalismen og ein knekk for den globale kapitalismens sigerstog.  Eg er samd.

Men eg synest kriseinnsikten er for smal. Liberalisme er eit mangslunge fenomen og sjølv om vi ikkje kan snakke om eit gjennomført tankesystem, er der samanhengar og affinitetar mellom dei ulike liberalismane. Venstresida vil setje grenser for den liberale marknaden, men køyrer samtidig vidare – og stadig sterkare – på sporet åt den kulturelle og etiske liberalismen. Ein viser ingen vilje til å spørje om det kanskje ikkje finst slektskap mellom den grassate marknadsøkonomien og den ekstreme moralske individualismen som også pregar samfunnet vårt.

Det kan ikkje nektast at veldig mykje av den liberale retorikken rettar seg mot etiske tradisjonar som på ulike måtar legg band på individet. Det syner seg særleg i seksual- og familietikken og i spørsmålet om utdanning og oppseding. Men også i spørsmål om liv og død, om synet på kva mennesket er – som i debattane om abort, dødshjelp, genteknologi og kunstig ”befruktning”. Fordi ein veit at dei historiske religionane er kritiske til desse sidene ved den liberale utopien, blussar det også opp kontroversar om kva plass religionane skal ha i samfunnet. Desse metakontroversane er for tida den overlegent mest markerte og høglydde tematikken i samfunnsdebatten i det heile.

Noko som syner at det nettopp er liberalismen som er den heite poteten i dag. Retten til å ytre seg er sett i fokus, men under det sterke engasjementet for ytringsfridom, ligg insisteringa på å kunne kritisere og frigjere seg frå ein del tradisjonelle verdiar. Det er retten til å utfordre og nedkjempe desse, som utgjer ”trøkket” og lidenskapen i debatten. Temperamentet, inntil raseri, i forsvaret for ”dei liberale verdiane” syner ein stigande angst nettopp for at frigjeringa frå den tradisjonelle etikken skal bli stagga.

Det ville vere bra både for blodtrykket, for den offentlege samtalen og for samfunnsutviklinga om ein roa med og prøvde å puste litt djupare. Kvifor er ein så lite viljug til å sjå nærare på kva den konskevente etiske individualismen gjer med oss? Kvifor ser ikkje venstresida at også høgresida ivrar for den slags liberalisme? ”I liberalistisk tradisjon er det vanlig å ta utgangspunkt i at man bør kunne gjøre hva en vil så lenge dette ikke skader andre”, uttalar FrP-tenkjaren Ole Vanebo i ein blogg eg las nyleg. Sant å seie, synes eg oftast at argumentasjonen i etisk tenkjing på venstresida ikkje skil seg serleg mykje frå dette. Kvifor ikkje våge å tenkje meir som debattanten Erik Sårheim i eit innlegg i Dagsavisa (5.mars ), når han argumenterer for ”behovet av en meningsbærende horisont i menneskers liv”? Då kjem ein ikkje utanom spørsmål det ikkje er plass til i Vanebos liberalistiske tommelfinger-regel. Spørsmål om menneskesyn, om kva som er grunnlaget for den menneskelege moralen, om viljefridom og autoritet, om korleis ein skal takle verdikollisjonar mellom storsamfunnet og motkulturane.

Det er grunn til å lure på kvifor venstresida, særleg i SV-utgåva, profilerer seg og intensiverer seg stadig meir nettopp på individmoral og familie- og samlivsmoral? Dette har vel alltid vore med i den radikale porteføljen, men det har vore eit markert skifte frå økonomi, utanrikspolitikk og fredsengasjement til kultur- og livssynsaker. Er det humanetikarane i partiet som har teke styringa? Er SV-miljøa i ferd med å bli meir liberale enn sosialistiske?

Den liberalistiske sjølvrealiseringa – vere seg den politiske fargen er raud, grøn eller blå – er nihilistisk og destruktiv både i høve til samfunnet, til naturen og den økologiske balansen og til den menneskelege personen sjølv. Dyrt er det med.

Krisa kjem også for denne liberalismen. Toget nærmar seg, det susar alt i skinnegangen.

Reklame

1 Tilbakemelding to “nota bene: Liberalismar”


  1. 1 Herman
    mars 28, 2009 ved 8:16 pm

    Verden er en hage, der menn og kvinner sine epler får…

    (Fritt etter Shakespeare)

    God helg!
    Hilsen Herman


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: