24
Mar
09

officium: Tysdag, 4. Vike i Faste, 3 Mos 19 (matutin)

”Når de haustar inn grøda i landet, skal du ikkje skjera kornet heilt ut til åkerkanten, og dei aksa som ligg attt etter skurden, skal du ikkje plukka opp” (v 9).

Kvifor? Fordi noko skulle ”vere att ”til dei fattige og innflyttarane” (v 10). Av same grunn skal ikkje alle druene i vingarden sankast inn. Og bak denne retten åt dei fattige og framande står han som eig både åkeren og vingarden og seier: ”Eg er Herren dykkar Gud”.

Sjølve krona av det som gror, kornet og druene, det som blir dei evkaristiske elementa, brødet og vinen – det skal delast, til ei påminning om han som opnar si hand ”og mettar alt som lever med det som godt er”(Sal 145, 16).

Gud vaktar åkerkantane og ser etter drueklasane; han set foten ned for det kjipe og grådige mennesket som meiner seg å ha rett på alt det har streva for. Fordi det ikkje skjønar at utan Gud, ville strevet vere fruktlaust.

Stel gjer du ikkje fyrst og fremst når du forbryt deg mot borgarlege petimeterdygder; det gjer du når du tek livsgrunnlaget frå den fattige.


4 Responses to “officium: Tysdag, 4. Vike i Faste, 3 Mos 19 (matutin)”


  1. mars 25, 2009 ved 7:22 am

    Viktig i vår finanskrise.

  2. 2 Herman
    mars 25, 2009 ved 4:15 pm

    Den som bare kunne gi en oppskrift på løsningen her…

    Hilsen Herman

  3. 3 Wenche
    mars 26, 2009 ved 6:18 pm

    Er det løye du skaper forventningar slik du kan få sagt ting!

    Ei heilt anna sak: Du har skrive ein stad om kva det er å vera open kyrkje, våga å vera open….eg har leita lenge nå rundt her på bloggen, men eg finn ikkje akkurat det. Eg meiner det var sett opp punktvis…kan du eller nokon andre finna den teksten (med det avsnittet) for meg?

  4. 4 Anne Hedvig
    april 3, 2009 ved 1:27 am

    Slik at det er noe igjen til naturens dyr. De skal også leve!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: