21
Mar
09

carpe diem: Ein veg og eit møte…

Den lange, bratte vegen går opp gjennom skogen, opp mot eit eit vegkryss der ei grein går ut mot ein einbølt gard høgt over Sunnylsvfjorden; den andre går rett fram og endar på ein sætrevoll med eit vatn og ein dalbotn. Bak og over dalbotnen tronar to tvillingfjell; heimste- og fremste Blåhorn (ca 1400 moh). Har vore mange gonger på den eine av dei to toppane. Det er dei to fjella som ”møtte” meg for over ti-tolv år sidan; eg gjekk oppover den same vegen – og brått fyllte fjella horisonten, og tala til meg. Eg har skrive eit dikt om det.

Denne gongen, i går, tok eg turen for å kome meg ut litt der det er turre vegar og snøfritt. Stille og nesten varmt vêrlag her inne i fjorden, alt i mars. Skylaget frå dagen før sprekk opp, varm og blå kjem himlen fram, fjellheimen er stadig drivkvit av sein vintersnø, men ein dags mildvêr har vore nok til at svarte skrentar og hamrar tek til å stikke fram.

Ein varm fred kjem mot meg frå alt dette. Englar er her! Noko opnar seg, bøna renn ut av deg; alt du ber på, alt du vil. Få det fram, no er han her, no er det ”audiens”. Eg snur i ein sving. Står på ei tuve og berre ser. Han. Eg. Her.

Skal eg skrive dette? Kvifor ikkje? Livet er også slik. Kanskje kan det glede nokon. Eg stryk over den glatte borken på det vesle orre-treet eg lener meg mot. Tek rundt den gamle furestomnen like ved, med si grove hud. Guds hud, Guds kinn.

Reklame

8 Svar to “carpe diem: Ein veg og eit møte…”


  1. mars 21, 2009 ved 3:03 pm

    Glad du skrev dette! For meg ble det håpfullt og vakkert og det var en velsignelse for meg akkurat nå, trengte en påminnelse på at livet også er slik selv om det er «tørke» hos meg akkurat nå…

    Ønsker deg en fortsatt fin helg,
    Vibeke.

  2. 2 Rob
    mars 21, 2009 ved 3:49 pm

    Fint skrevet, Haram!

  3. 3 Anna Jorunn Garvik
    mars 21, 2009 ved 6:04 pm

    Som vestlending og naturelskar var dette godt å lesa!!
    Anna Jorunn

  4. 4 Wenche
    mars 22, 2009 ved 12:54 am

    Ja, dette må vera «cor ad cor loquitur», så dette passar her! 🙂

  5. 5 Wenche
    mars 22, 2009 ved 12:55 am

    Forresten, fint å sjå at Rob, kven han no er, stikk innom. Lenge sidan sist 🙂

  6. 6 Ingvild
    mars 22, 2009 ved 6:04 am

    Javisst kan du glede noen med dette! Jeg har nå lest det minst fem ganger og blir like glad og beveget hver gang. For det er så mye gjenkjenning, så lett å leve med i din skildring. Audiens. Nettopp det. Har diktet du refererer til et navn så det går an å finne det her på bloggen?

  7. mars 22, 2009 ved 11:50 am

    Dikte kan eg finne og legge ut med tid og stunder…

  8. 8 Rob
    mars 22, 2009 ved 5:30 pm

    Takk Wenche! Stadig innom bloggen..


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: