”Herren har kalla Besalel… og fylt han med ånd frå Gud, med visdom, skjøn og kunnskap og med evne til alle slag handverk…” (v 31)
Moses fekk sjå det framtidige templet i ein visjon og at det ville bli bruk for kunstnarane i Guds-folket.
Men har handverk og kunst noko med Guds Heilage Ande å gjere? Det er vi ikkje vane med å tenkje, korkje som truande eller ikkje-truande. Vi har liksom delt røyndomen i to – og delt han mellom oss: Frelse og moral er ”åndeleg”, kultur og kunst er ”verdsleg”.
Bibelen ser røyndomen som éin, fordi Gud er éin. Guds Ande verkar i skaparverket, også all menneskeleg kreativ verksemd; i evnene til ”å tenkja ut og laga kunstverk i gull, sølv eller bronse” (v 32), i musikken, songen, poesien, i evna til å dramatisere og uttrykkje det menneskelege. Kunst og handverk er heller ikkje skarpt åtskilde verksemder; her har vi òg skapt splitting med ”finkultur” på den eine sida med ”simpelt” nyttearbeid på den andre.
Når vi skal skape noko – i eit kunstnarisk uttrykk eller i anna godt arbeid – burde vi alltid påkalle Skaparen og be: ”Veni, Creator Spiritus!”; ”Kom, Heilagande, skaparmakt!”
0 Svar to “officium: Fredag, 3.vike i Faste, 2 Mos 35,30 -36,1; 37,1-9 (matutin)”