”De har sett…korleis eg lyfte dykk på ørnevenger og bar dykk hit til meg” (v 4).
Desse orda ropa Gud til Moses for at han skulle bere dei fram for folket. Ropa! Her kjem Guds hjarta fram: Nauda, kjærleiken, iveren, den guddomlege gråten i halsen. Alt det veldige og valdelege som omgjev utferda og utfriinga frå Egypt; logane og hornlyden over Sinai-fjellet, dei strenge lovene og åtvaringane – det er berre ytterkanten, dramatiske hendingar i ei dramatisk samtid. Dei store bokstavane.
Men i Guds rop kjem hjarta hans fram. Det eigentlege biletet: Ein Gud som tek i oss, lyfter oss opp og ber oss. Ein stormande og svimlande kjærleik. Ein Gud med ørnevenger.
”
For en kjærlighet!
Synd at menneske i dag har så vanskelig for å ta imot, hadde selv ikke hatt lett for det hvis jeg ikke hadde blitt tvunget på «kne» av livet….
Ønsker om en fin helg,
Vibeke.
Takk! Ja, Gud lærer vi å kjenne gjennom vårt eige liv. Berre teoriar er ikkje nok.